20 år med Opera Nordfjord og premiere på La Bohème

Operahelsing_2018.png - Klikk for stort bilete

Eid kommune er stolt vertskommune for Opera Nordfjord!

Vi takkar for 20 år med fantastiske operaopplevingar! Lukke til med årets operaframsyning - La Bohème - og premiera i kveld i Operahuset Nordfjord!

Her kan du lese meir om årets operaoppsetjing - La Bohème

Toi, toi, toi!

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 03.10.2018

I 2000 vart vakre La Bohème av Giacomo Puccini sett opp i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid til stor jubel frå eit begeistra publikum. No er endeleg tida komen for eit kjært gjensyn med dei sjarmerande bohemane i ein av verdas mest spelte og høgt elska operaer, denne gongen i Operahuset Nordfjord. Vi er svært stolte over å kunne presentere operaen i ei funklande ny, nynorsk omsetting av Jostein Avdem Fretland.


La Bohème er ein italiensk opera i fire akter og vart oppført første gong 1. februar 1896 på Teatro Regio i Torino i Italia under leiing av Arturo Toscanini. Librettoen vart skiven av Giuseppe Giacosa og Luigi Illica etter ein roman av Henri Murger: La Vie de Bohème.


Handlinga utspelar seg i kunstnarkretser i Paris, og dei berande rollene er poeten Rodolfo (tenor), syerska Mimi (sopran), målaren Marcello (baryton), musikaren Schaunard (baryton), filosofen Colline (bass) og den tidlegere songeren Musetta (sopran).


Det er ei stor glede å presentere solistlaget for jubileumsproduksjonen 2018: Mimi: Margrethe Fredheim, Rodolfo: Thorbjørn Gulbrandsøy, Marcello: Mads Wighus, Musetta: Gunda-Marie Bruce, Schaunard: Thomas Røshol, Colline: Eirik Roland Egeberg-Jensen, Alcindoro/Benoît: Lars Eggen..


Dirigent er Opera Nordfjord sin faste musikalske leiar, Michael Pavelich, og regissør vert svenske Mira Bartov, som gjestar Opera Nordfjord for første gong. Ho har ei lang merittliste å vise til, og vi gler oss til å samarbeide med henne. Det øvrige kunstnariske teamet består av scenograf og lysdesignar Fredrik Glahns, kostymedesignar Kajsa Larsson og maskør Ingunn Schumann Mosand. I tillegg har vi med vårt profesjonelle operaorkester og hyggeleg gjensyn med konsertmeister Stig Nilsson. Operakoret og barnekoret er sett saman av lokale songarar frå heile regionen. 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering