600.000 til sykkelparkering i Eid

Sykkelparkering.jpg - Klikk for stort bilete

Eid kommune har fått løyvd 600.000 kroner frå Samferdsledepartementet til å bygge ut sykkelparkering ved skulane i Eid.
 
- Dette er ei skikkeleg gladmelding, og gjer det mulig å tilby sykkelparkering ved alle kommunale skular i Eid i løpet av 2019. Det er viktig for å legge til rette for meir aktivitet i kvardagen og å få fleire til å sykle til skulen, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

 

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 07.01.2019

Pengane frå Samferdsledepartementet vil bli nytta til å bygge anlegg for sykkelparkering for ca 250 tilsette og elevar ved Stårheim, Haugen og Hjelle skule.
 
Eid kommune har nettopp bygd ut 190 nye plassar for sykkelparkering ved sentrumsskulane i Eid, Nordfjordeid skule og Eid Ungdomsskule. Utbygginga har skjedd i eit spleiselag mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Eid kommune.

Med den nye løyvinga frå Samferdsledepartementet får vi bygd ut sykkelparkering også på dei kommunale skulane i bygdene. Dermed får alle skuleborn og tilsette ved kommunale skular i Eid tilbod om trygg sykkelparkering. 
 
Løyvinga frå Samferdsledepartementet krev ein kommunal eigendel på 50%, som Eid kommunestyre allereie har vedteke å dekke.

(Foto: Fjordabladet) 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering