Adresseprosjektet i Eid kommune

Adresseprosjekt.jpg - Klikk for stort bilete 2.gangs høyring av namneforslag for vegparsellar i Eid kommune

Namnenemda la sommaren 2016 namneforslaga på vegparsellane ut på høyring og har fått innspel på desse. Etter høyringa har namnenemda vurdert alle innspel på namneforslaga og kome med ei ny innstilling om no vert lagt ut på 2.gangs høyring.

Frist for å kome med forslag til vegnamn: 10.03.17

Meir informasjon finn du her

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 13.02.2017

Adresseprosjektet i Eid kommune

Eid kommune har starta opp arbeidet med å innføre vegadresser i heile kommunen. Eid kommunestyre vedtok 30. mai 2013 at dette arbeidet skulle setjast i gong, og lokal forskrift for namnesetjing, adressering og adresseforvaltning i Eid kommune vart vedtatt 11. desember 2014.

Bakgrunn for arbeidet er eit felles adresseprosjekt som Statens kartverk og Geodatautvalget for Hordaland og Sogn og Fjordane har satt i gong. Den viktigaste grunnen for innføring av vegadresse er tryggleiken for liv, helse og eigedom. Talet på naudsentralar er redusert dei siste åra, det er også lokalkunnskapen hjå operatørane. Eit einsarta adressesystem gir betre moglegheit for planlegging av køyreruter og redusert responstid for utrykkingskøyretøy. Dette siste kan vere avgjerande i ein krisesituasjon der sekunda tel.

I dag der det områda kring Nordfjordeid sentrum som har vegnamn og vegadresse, adresseringa vil derfor i houudsak gjelde vegar utanfor Nordfjordeid sentrum.Arbeidet er organisert som eit prosjekt og prosjektgruppa arbeider no med å dele vegnettet i adresseparsellar. Forslag vert lagt ut til høyring. Når karta er lagt ut, vert det høve til å kome med innspel til namn til dei ulike vegparsellane og det vil bli lagt ut skjema for innsending av forslag. Dette vert også kunngjort i lokalavisa. I tillegg vil lag og organisasjonar bli inviterte til å kome med namneforslag.

På denne sida kan du følgje med på arbeidet med Adresseprosjektet. Spørsmål om Adresseprosjektet kan rettast til Anne Lene Lillegraven på telefon: 57885800 eller til e-post: post@eid.kommune.no (merkast med «Adresseprosjektet»).

 

Status pr. 17.06.2016

Kart over vegparsellane og namneforslag frå namnenemda er no lagt ut på høyring med frist 1. september 2016. Du kan komme med forslag til vegnamn og samtidig gje innspel på inndelinga av parsellane. Noko av informasjonen kring adresseringsprosjektet står i 1.gangs høyringa, meir informasjon finn du her:

Meir informasjon om adresseprosjektet:

Det er bygningar som brukast til bustadformål, fritidsformål, næringsverksemd, eller offentleg eller publikumsretta verksemd skal tildelast vegadresse.  

Ei vegadresse inneheld Adressenamn (gate-/vegnamn) + adressenummer med evt. bokstav. Ved fleire bueiningar med same inngang brukast også brukseiningsnummer: f.eks. H0203. Pr. i dag har Eid kommune totalt 2092 vegadresser og 1178 matrikkeladresse. Ei matrikkeladresse består av gårdsnummer, bruksnummer + evt. festenummer / seksjonsnummer + evt. brukseinhetssnummer. Adressa skal knytast til den vegen som er godkjent som hovudtilkomst til eigedomen.

Adresseringsarbeidet er heimla i matrikkellova kap. 4 og matrikkelforskriftas kap 12. Statens kartverk har laga ein Adresseveiledar. Du kan også lese meir om adressering på Statens kartverk sine heimesider.

Før kommunen gjer vedtak om adressenamn skal den regionale stadnamntenesta få namneforslaga til uttale. Stadnamntenesta kan også gi råd om val av adressenamn. Skrivemåten for stadnamn er regulert i Lov om stadnavn. Sjå også Forskrift om skrivemåten til stadnnamn. 

Saksgang (PDF, 84 kB)

Namnenemda i Eid kommune

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering