Anbodsutlysing Kjølsdalen bustadfelt

Kjølsdalen luftfoto.JPG - Klikk for stort bilete

Utviding av Kjølsdalen bustadfelt

Opparbeiding av nye kommunale tomter i Kjølsdalen bustadfelt er no lyst ut på anbod. Tildeling av oppdrag vil skje rett i etterkant anbodsfristen 4. mai. Førebuing og anleggsarbeid skal etter planen starte opp i slutten av mai 2018, men vert endeleg fastsett når val av entreprenør er avklart.

Prosjektet omfattar 10 tomter, bygging av ca 140m veg, tilhøyrande VA-anlegg og leikeplass. Tomtene skal etter plan vere byggjeklare 1. januar 2019. Finpuss og opparbeding av leikeplass vil pågå fram til mai/våren 2019.

Publisert av Elin Paulsen. Sist endra 16.04.2018

Byggjeklare tomter 1. januar 2019

Info.kart (PDF, 216 kB)

Info.skriv (PDF, 543 kB)

Framdrift

Tilbodsfrist: 04.05.2018 kl 13.00

Tilbodssynfaring: 18.04.2018 kl 10:00

Oppstart anleggsarbeid: Mai/juni

Ferdigstilling grunnarbeid: 15.12.2018

Finpuss og leikeplass: Fram til mai 2019

 

Det vil kome nærmare informasjon om tidspunkt for sal av tomter.

Tomtekjøparar vil kunne starte tomtearbeid 1. januar 2019 om ønskeleg.

 

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering