Bustadtomter i Eid

Eid flyfoto.png - Klikk for stort bilete

Det fins både kommunale og private bustadtomter til sals i Eid kommune. Under finn du ei oversikt over ledige kommunale tomter.

Ønsker du å søkje om kjøp av tomt brukar du søknadskjema kjøp (PDF, 114 kB). Ønsker du å gjere ein reservasjon på ei tomt kan du gjere dette ved å sende inn søknadsskjema reservasjon. (PDF, 84 kB)

Skjema kan sendast til post@eid.kommune.no eller leverast/sendast til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Nederst på sida finn du kjøpeavtale etc.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss på tlf. 57 88 58 00 eller på post@eid.kommune.no om du har spørsmål eller ønskjer ei nærmare orientering om tomtene.

Kommunale felt og tomter

Info. om bustadtomter i Eid 2018 (PDF, 4 MB)

Hogaåsen_1.jpg - Klikk for stort bilete

Hogaåsen bustadfelt (PDF, 6 MB) i Nordfjordeid sentrum. Bustadfeltet er nytt og består av 39 byggeklare tomter for bustadhus og 3 store tomter for konsentrert bustadutbygging. Tomtepris inkl. anleggtilskot kr 750,- pr. m2. Reguleringsplan - oppdaterte føresegner 2016. (PDF, 1022 kB) VA-plan Hogaåsen. (PDF, 4 MB)

Naustdal-Hjelmelandsdalen F35-7 copy.jpg Løkjastranda (Haugen) (PDF, 365 kB)

Løkjastranda bustadfelt ligg på Haugen vest i Eid kommune, berre 10 minutt frå sentrum. Tomtene har utsikt over fjorden og fjella. Det er gangavstand til barneskule, barnehage, idrettsanlegg og kort veg til turstiar og badeplass i nærområdet. Frå Haugen er det kort veg til ridesenter og flotte langrenns- og alpintløyper ved Harpefossen skisenter. Tomtepris kr 27,- pr m2 + anleggstilskot kr 207.600,-

Stårheim luftfoto.jpg (PDF, 196 kB)Stårheim: (PDF, 494 kB)

Stårheim bustadfelt ligg i Stårheim vest i Eid kommune, berre 15 minutt frå Eid sentrum. Her kan du få realisert boligdraumen med ein gunstig tomtepris. Tomtene har gode solforhold med utsikt over fjorden og fjella. Bustadfeltet ligg rett ved skule, barnehage og kort veg til fotballbane, badeplassar og turstiar i nærområdet.Tomtepris kr 68,- pr m2 + anleggstilskot kr 125.600,-. Stårheim bustadfelt og Torvik bustadfelt ligg i same område vest for Stårheim sentrum. Torvik bustadfelt blir snart utvida med ca. 20 nye tomter. Dei nye tomtene er forventa klar for sal i 2019. Pris nytt felt ikkje avklart.

Torvik: (PDF, 608 kB) Utvida bustadfelt med ca. 20 tomter er forventa klart for sal i 2019. Pris ikkje avklart.

Kjølsdalen luftfoto.jpg - Klikk for stort bilete Kjølsdalen: (PDF, 296 kB) Kjølsdalen bustadfelt ligg vest i Eid kommune, 20 minutt frå Eid sentrum. Her kan du få realisert boligdraumen med ein gunstig tomtepris. Tomtene har gode solforhold med utsikt over fjorden og fjella. Kjølsdalen har Montesorri skule og barnehage med flott nærmiljøanlegg. Kort pendleveg til både N.fj.eid og Vågsøy. Sentralt ift Lefdal Mine.Tomtepris kr 1.000,-.

Holmøyane.jpg (PDF, 286 kB)Holmøyane: (PDF, 435 kB)Høgda bustadfelt ligg i Holm-øyane aust i Eid kommune, midt mellom Eid, Hornindal og Stryn. Tomtene ligg i naturskjønne omgjevnader rett ved Hornindalsvatnet med flotte fiske, bade og turmoglegheiter. Holmøyane er også eit godt utgangspunkt for pendling til Sunnmøre. Tomtepris ca kr 90.000,-

Kjøpeavtale (PDF, 250 kB)

Tomtekostnad - tillegg (PDF, 293 kB)

Reguleringsplanar

I tillegg til kommunale tomter er det stor byggjeaktivitet i kommunen og fleire private aktørar som sel tomter og leiligheter. Her finn du ei oversikt over private tomter og utbyggjarar (PPTX, 185 kB) i Eid.

 

Energirådgjeving for bustadbygging

1.JPG - Klikk for stort bilete

 

Info.hefte - Bygg for framtida (PDF, 2 MB)

 

 

Publikasjonar ENOVA:

 

Balansert ventilasjon

Vannbåren varme

Luft-vann varmepumpe (PDF, 2 MB)

Væske-vann varmepumpe (PDF, 2 MB)

Avtrekksvarmepumpe (PDF, 2 MB)

Solfanger (PDF, 2 MB)

Varmestyringssystem (PDF, 2 MB)

Varmegjenvinning av gråvann (PDF, 2 MB)

El-produksjon (solceller) (PDF, 2 MB)

www.enova.no

Bygging
Skal du rive, bygge eller utbetre bustad, bygge garasje, terrasse, fritidshus eller liknande? Under temaet Bygging finn du informasjon om korleis du skal gå fram, og kva reglar som gjeld. Du finn også informasjon om utsleppsløyve og graving i ureina grunn.

Bustønad frå husbanken
Bustønad er ei statleg økonomisk stønadsordning  for dei med høge buutgifter og låg inntekt.  Ordninga blir administrert av Husbanken og kommunane.   Krava til bustaden og husstanden må vere oppfylte.  Deretter er det forholdet mellom inntekter og utgifter som avgjer om det blir gjeve bustønad. Les meir her.

Leige- og utleige av kommunal bygg