Differensiert forvaltning av Hornindalsvassdraget

Planen for differensiert forvaltning av Hornindalsvassdraget er eigengodkjent i alle tre kommunane, Eid, Hornindal og Stryn, og har status som kommunedelplan.

I planen er vassdraget delt inn i ulike soner - alt etter menneskeleg påverknad.

  • Sone I omfattar område med høg grad av menneskeleg påverknad. (Tettstadar o.a. byggjeområde)
  • Sone II omfattar område med middels grad av menneskeleg påverknad. (Landbruksområde og spreidd busetnad o.l.)
  • Sone III omfattar område med liten grad av menneskeleg påverknad. (Urørt natur, beite- og skogsområder m.m)

Tiltak innanfor desse sonene er delt inn i 4 kategoriar (1-4) der høgare tal medfører auka konfliktgrad. Dei fire kategoriane er:

  1. Tiltak eller inngrep som normalt kan gjennomførast
  2. Tiltak eller inngrep som normalt ikkje er i konflikt med vernegrunnlaget, med der søknaden må vurderast opp mot verneverdiane
  3. Tiltak eller inngrep som normalt vil vere i konflikt med vernegrunnlaget, og der omfang, detaljering og utforming av inngrepet avgjer om tiltaket kan utførast
  4. Tiltak eller inngrep som er i konflikt med vernegrunnlaget og som normalt ikkje kan utførast.

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering