Følgjekort for funksjonshemma

Følgjekort skal gje funksjonshemma med trong for hjelp same høve som andre til å delta i aktivitetar i samfunnet. Målsetjinga er å førebygge isolasjon og dermed medvirke til auka livskvalitet for den funksjonshemma.

Følgjekortet er ei stadfesting av trongen for slik hjelp, og gjev tilgjenge til aktivitetar/arrangement/transportmiddel osv.

Følgjepersonen slepp å betale avgift/billettar. Eigaren av kortet betaler sjølv gjeldande pris.

Alle kommunale bygg, arrangement og aktivitetar i kommunal regi vert omfatta av ordninga. I tillegg har einskilde lag/organisasjonar og bedrifter i Eid kommune akseptert ordninga. Det offentlege symbolet for følgjekortordninga vil syne kven som aksepterer ordninga. Følgjekortet skal gjelde i heile landet der arrangørar har akseptert ordninga.

Tildeling av følgjekort skjer etter gjeldande retningsliner utarbeidd av Statens råd for funksjonshemmede.

Følgjekortordninga er ein kommunal ordning som f.t. er lagt til NAV Eid

Søknadsskjema for følgjekort for funksjonshemma (PDF, 37 kB)

 

Søknadsskjema får du også på NAV Eid.

Publisert av Christine Tellevik. Sist endra 23.05.2019

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering