Skogbruk

Plantet granfelt
Plantet granfelt
Skogbruket sine rammer er gitt i Lov om skogbruk og forskrifter gitt i medhald av denne. For planlegging og godkjenning av landbruksvegar er heimelen jordlova. Viktig generell forskrift er: Forskrift om tilskot nærings og miljøtiltak i skog. I tillegg gjev ”Standard for bærekraftig skogbruk” viktige køyrereglar for den som vil drive økonomisk skogbruk. Standardene grip inn i alle sider ved det å drive skogbruk og er ein viktig lekk i miljøsertifiseringa av skogbruket i Norge.
Skogkultur Skogkultur omfattar alt arbeid i skogen som har som føremål å auke kvaliteten på skogen og skal foregå i tråd med ”Standard for bærekraftig skogbruk”. Etter hogst skal det sytast for tilfredsstillande forynging. Aktuelle tiltak · planting · såing · markriving for naturleg forynging Etablert forynging skal stellast slik at den får utvikle seg optimalt Aktuelle tiltak: · rydding av uønskt vegetasjon som konkurrerer med prioriterte treslag · regulering mellom prioriterte treslag til aktuell avstand · tynning for å setje at tilstrekkeleg tal framtidstre · kunstig kvisting. Tilskot til skogkultur: Det er tilskot frå staten gjennom kommunen på alt arbeid som tek sikte på etablering av kvalitetsskog med unnatak av planting og såing, for tida inntil 70% av godkjende kostnader.Kommunen tilbyr felles tinging av skogplantar og plantar til juletre. Landbruksvegar Løyve til bygging av veg: Sidan 20. desember 1996 har det vore sett krav om kommunal godkjenning av alle landbruksvegar før ein kan starte bygging. Søknadsplikta og godkjenninga er heimla i ”Forskrift om planlegging og godkjenning av veger for landbruksformål” fastsett av landbruksdepartementet 20, desember 1996 og omfattar vegar med 50% eller meir i landbruksinteresser. Vegar med mindre enn 50% landbruksinteresse skal normal ikkje handsamast som landbruksveg. Det finst eige skjema på kommunen for slike søknader. Landbruksvegar klassifiserast som: · bilvegar i klasse 2,3,4,5 · vinterbilveg klasse 6 · traktorvegar i klasse 7 og 8 · enkel veg. Tilskot til bygging av veg: Gjennom tilskot nærings og miljøtiltak i skog kan kommunen etter særskilt søknad gi tilskot til bygging av skogsvegar. Føresetnader er: · at vegane er godkjent etter ”Forskrift om planlegging og godkjenning av veger for landbruksformål” · at vegen vert bygd i i klassane 2 – 8 i samsvar med ”Normaler for landbruksveier med byggebeskrivelse. Kommunen gir pr 01.01.05 statstilskot til vegar slik: Bilveg klasse 2,3,4 inntil 60% Bilveg klasse 5, inntil 50% Traktorveg klasse 7, inntil 40% Traktorveg klasse 8, inntil 30% NB! Det er ikkje automatisk kopling mellom kommunalt løve til bygging av veg og tilskot til bygging av veg. Hogst Generelt skal ein ved slutthogst leggje opp hogsten slik at ein tek omsyn til aktuell foryngingsmåte. Det er vidare viktig å gjennomføre skogsdrifta i samsvar med ”Standard for bærekraftig skogbruk”. Innmelding av hogst for sal gjennom Sogn og Fjordane skogeigarlag skal skje til skogeigarlaget anten skriftleg eller pr. telefon 57 72 32 80.Det er fleire innmeldingsfristar gjennom året. NB! Hugs å velje skogavgiftssats ved innmelding eller måling av vyrket. Skogavgift Generelt: Skogavgift er ei pliktig avsetjing av ein viss del av brutto hogstinntekter til re-investering i skogen. Ordninga gjeld alt skogsvyrke for sal eller til eige bruk til andre føremål enn til å dekke eige behov i jord- og skogbruksmessig virksomhet, og er regulert gjennom forskrifter. For juletre og pyntegrønt er ordninga frivillig. Avsett skogavgift står på ein felles bankkonto for alle skogeigarane i kommunen og rentene (rentemidlane) av innskotet kan nyttast til ymse føremål etter eit budsjett sett opp av kommunen og godkjent av fylkesmannen. Avsetnad/innbetaling: Valfri sats mellom 4% - 40% av brutto salsverdi. Meld frå ved innmelding eller henteklarmelding til skogeigarlaget.For vyrke som ikkje går gjennom skogeigarlaget men tilfeldige kjøparar eller mange småkjøparar (ved) skal avgifta betalast inn i samråd med kommunen.Avsett skogavgift er rekneskapsmessig utgift. Uttak/bruk: Skogavgift teke ut til ulike føremål er rekneskapsmessig inntekt. For uttak til nokre føremål får ein nokre føremål får ein skattefordel ved at berre 40% av utteken avgift vert rekna som inntekt. Det gjeld all skogkultur og ombygging av vegar. Skogavgifta er skogeigaren sine pengar øyremerka til investeringar i skogen og regulert gjennom forskrift om bruk m.v. av skogavgift.
Sist endra 22.02.2010
Artikkel (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering