Søknad om redusert foreldrebetaling i barnehage og gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringar.

Barnehage.jpg - Klikk for stort bilete

Frå 1.mai 2015 skal ingen husstandar betale meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass. Maksimalpris  for ein barnehageplass er  2 990 kroner  pr. månad.
Husstandar  som  har ei samla brutto inntekt under 541 500,-  kroner, kan søkje om reduksjon i foreldrebetaling.

Les meir under.

Dersom husstanden  har fleire barn i barnehage, gjeld  søskenmoderasjon for dei andre barna etter gjeldande reglar. Søknad om redusert foreldrebetaling,  både for  kommunale og private barnehageplassar, skal sendast til Eid kommune. Som  hovudregel  gjeld søknaden for eit barnehageår. Frist for å søkje er den 10. i kvar månad. Redusert betaling vil gjelde frå  månaden etter.

 

Gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringar frå 01.08.2018

Frå 1. august 2016 har alle 3-,  4- og 5-åringar  som bur  i husstandar med  lav inntekt  rett til 20 timar gratis opphald  pr. veke. Husstandar  som  har ei samla brutto inntekt under 541 500 kroner  kan  søkje om  dette. Alle som har rett til gratis kjernetid,  har også rett til redusert  foreldrebetaling.


Inntekter som  skal reknast med:
Foreldrebetalinga skal reknast ut frå husstanden si  samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Ein husstand kan vere ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i husstanden  der barnet er folkeregistrert.


Dokumentasjon:
Sjølvmelding skal leggast ved søknaden. Dersom noko ikkje er registrert i sjølvmeldinga av  skattepliktig person- eller kapitalinntekt, er søkjar  pliktig å opplyse om det ved søknad. 

 

Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling.