Korleis fremje privat forslag til detaljreguleringsplan?

Dersom du ynskjer å utvikle eit område kan du fremje eit privat forslag til detaljregulering. Ta kontakt med fagkyndig plankonsulent før du saman med konsulenten ber om eit oppstartsmøte med kommunen. Privat forslagsstiller må ta kontakt med ein fagkyndig konsulent før planprosessen vert sett i gang.

Ein fagkyndig plankonsulent skal ha kompetanse til å utarbeide planomtale, plankart og føresegner i tråd med plan- og bygningslova, noko som er viktig for å oppnå ein effektiv planprosess.

Planprosessen for forslagsstiller

  1. Ta kontakt med fagkyndig plankonsulent
  2. Forslagsstillar ved fagkunnig konsulent tek initiativ til oppstartsmøte - sender inn førespurnad om oppstartsmøte med opplysningar om planinitiativet - Førespurnad sendast til  post@eid.kommune.no.
  3. Oppstartsmøte – dialog og avklaring av føresetnadar for vidare planarbeid.
  4. Forslagsstiller kunngjer varsel om oppstart av planarbeid
  5. Forslagsstiller vurderer innkomne uttaler til planarbeidet og utarbeider forslag til detaljregulering – i dialog med kommunen
  6. Politisk handsaming av om forslag til detaljreguleringsplan skal leggast ut til offentleg ettersyn
  7. Offentleg ettersyn
  8. Forslagsstiller vurderer innkomne uttaler – i dialog med kommunen
  9. Politisk handsaming for vedtak av detaljregulering
  10. Kommunen kunngjer vedtak av detaljregulering og legg planen inn i digitalt planregister
  11. Eventuell klagehandsaming

Sjå Regjeringa sin reguleringsplanveileder og  Sogn og Fjordane fylkeskommune sin rettleiar for reguleringsplanarbeid.

For spørsmål om planprosess kan du kontakte Asbjørn Tverberg (asbjorn.tverberg@eid.kommune.no) eller Cecilie Marie Åshamar (cecilie.marie.ashamar@eid.kommune.no).

Handsamingstid

Det tar ofte rundt eitt år frå førehandskonferansen til endeleg vedtak av detaljreguleringsplan.

Framdrift i planprosessen vil avhenge av kvaliteten på planforslaget, graden av interessekonfliktar og krav til utgreiingar. Ved omfattande krav til utgreiingar kan ein planprosess ta lenger tid.

Gebyr i plansaker

Ved handsaming av private forslag til detaljregulering vert det kravd gebyr etter satsar i Eid kommune sine gjeldande gebyr og betalingssatsar, jf. forskrift om gebyrregulativ for private plansaker.

 

 

 

Publisert av Cecilie Marie Ă…shamar. Sist endra 18.10.2018