Korleis delta i reguleringsplanprosessen?

Du kan delta med dine synspunkt i planprosessen.

Dersom det vert starta opp eit planarbeid i eit område der du har meiningar om kva som burde ligge til grunn for korleis området skal brukast og byggast ut er det viktig at du deltek med skriftlege innspel medan planen vert utarbeidd.

Planprosessen

  1. Varsel om oppstart av planarbeid – vert kunngjort i avisa – grunneigarar og naboar får tilsendt brev
  2. Politisk handsaming av om forslag til detaljreguleringsplan skal leggast ut til offentleg ettersyn
  3. Offentleg ettersyn – vert kunngjort i avisa og på kommunen sine heimsider – grunneigarar og naboar får tilsendt brev
  4. Politisk handsaming for vedtak av detaljreguleringsplan
  5. Kunngjering av vedtak og informasjon om høve til å klage på vedtaket – vert kunngjort i avisa – grunneigarar og naboar får tilsendt brev
  6. Vedteke detaljreguleringsplan vert gjort tilgjengeleg på Eid kommune si kartteneste – under kartlag plankart

Delta med dine synspunkt i planprosessen

For alle som har interesser i planområdet er det viktig å følgje med og delta aktivt i planarbeidet. For å påverke endlege val av føringar for bruk, bygging og utforming av området som skal regulerast er det spesielt viktig å følgje med og gje tilbakemelding under desse fasane av planarbeidet:

Varsel om oppstart:

Her vil du få informasjon om planavgrensing og høve til å gje innspel til planarbeidet. Her er det viktig at du kjem med innspel om kva omsyn du meiner er viktig å ivareta i dette området og om du meiner at nye bygningar eller ny bruk av området kan kome i konflikt med dine interesser i området.

Offentleg ettersyn av forslag til detaljregulering:

I forslaget til detaljreguleringsplan kan du sjå om ditt innspel er ivareteke i forslag til plankart og føresegner. I planomtala kan du sjå nærare på kva avvegingar som er gjort i planen.

Vedtak av detaljregulering:

Dersom du har rettsleg interesse i planområdet og er ueinig i vedtaket har du høve til å klage på vedtak av detaljreguleringsplan.

Dersom du har spørsmål om planprosessen eller korleis du skal gå fram for å påverke denne kan du kontakte Asbjørn Tverberg (asbjorn.tverberg@eid.kommune.no) eller Cecilie Maire Åshamar (cecilie.marie.ashamar@eid.kommune.no)  

Publisert av Cecilie Marie Åshamar. Sist endra 17.02.2016
Tenestestad (1)
Nyttig informasjon (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering