Når vert det kravd detaljreguleringsplan?

Det er stilt krav om regulering for dei fleste framtidige byggeområda i kommuneplanen sin arealdel 2015-2027. Oversikt over desse områda og eventuelt krav om reguleringsplan er å finne i arealdelen sine føresegner og retningslinjer, vedlegg 1.

Krav om detaljreguleringsplan kan også vere aktuelt når det du skal bygge ikkje er i tråd med arealformål og føresegner i kommuneplanen sin arealdel eller gjeldande reguleringsplan for området.

Det vert kravd reguleringsplan ved gjennomføring av større bygge- og anleggstiltak og andre tiltak som kan få vesentlege verknadar for miljø og samfunn, jf. plan- og bygningslova § 12-1.

 

Publisert av Cecilie Marie Åshamar. Sist endra 17.02.2016
Tenestestad (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering