Krav til førespurnad om oppstartsmøte

Når du startar arbeidet med ein reguleringsplan må du ha eit oppstartsmøte med oss. Oppstartsmøtet handlar om å avklare føresetnadane for planarbeidet.

For å avtale oppstartsmøte med oss, må du ha særskilt kunnskap om reguleringsplanarbeid.

Når du sender inn førespurnad om oppstartsmøte skal du også sende inn eit planinitiativ. For at vi skal kunne ta stilling til om planen kan få vesentlege verknadar for miljø eller samfunn må vi og få tilsendt opplysningar og førebels vurdering etter forskrift om konsekvensutredninger §9.

Vi vil normalt avtale oppstartsmøtet innan 3 veker etter at du har sendt inn alle opplysningar.

Ta kontakt med oss om du har behov for opplysningar før oppstartsmøtet.

Send inn førespurnad om oppstartsmøte på post@eid.kommune.no.

 

Publisert av Cecilie Marie Åshamar. Sist endra 18.10.2018
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering