Snarveiikoner NettstadkartAbonner på nyhende frå kommunenEndre skriftstorleik
Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Samarbeidskommuner Stryn kommuneHornindal kommuneGloppen kommuneEid kommuneBremanger kommuneVågsøy kommuneSelje kommune

Bustadtomter i Eid

Eid flyfoto.png - Klikk for stort bilete

Det fins både kommunale og private bustadtomter til sals i Eid kommune. Under finn du ei oversikt over ledige kommunale tomter.

Ønsker du å søkje om kjøp av tomt brukar du vedlagte Søknadsskjema. (PDF, 114 kB) Skjema kan sendast til post@eid.kommune.no eller leverast/sendast til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Nederst på sida finn du kjøpeavtale etc.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss på tlf. 57 88 58 00 eller på post@eid.kommune.no om du har spørsmål eller ønskjer ei nærmare orientering om tomtene.

Kommunale felt og tomter

Info.bustadtomter i Eid (PDF, 5 MB)

Hogaåsen_1.jpg - Klikk for stort bilete

Hogaåsen Bustadfelt (PDF, 6 MB) i Nordfjordeid sentrum er eit nytt felt under opparbeiding. Her har Eid kommune attraktive bustadtomter for sal. Tomtene vil etter planen vere byggjeklare i desember 2016. Reguleringsplan - oppdaterte føresegner 2016. (PDF, 1022 kB) VA-plan Hogaåsen. (PDF, 4 MB)

 

Nordfjordeid luftfpoto frå vest.jpg Myklebuståsen (Nordfjordeid sentrum): (DOCX, 2 MB)Myklebuståsen bustadfelt ligg i Nordfjordeid sentrum. Det er kun ei ledig tomt i dette bustadfeltet. Tomta er byggjeklar og grensar til det nye bustadfeltet i Hogaåsen. Her kan du få realisert boligdraumen med ein gunstig tomtepris. Tomta har gode solforhold med utsikt over Eid sentrum, Eidsfjorden og fjella. Det er gangavstand til skular, idretts- og symjehall, kunstgrasbaner, ridesenter og kort veg til turstiar i nærområdet.

Naustdal-Hjelmelandsdalen F35-7 copy.jpg Løkjastranda (Haugen): (DOCX, 2 MB) Løkjastranda bustadfelt ligg på Haugen vest i Eid kommune, berre 10 minutt frå sentrum. Fleire av tomtene ligg berre 100 m frå fjorden med utsikt over fjorden og fjella. Det er gangavstand til barneskule, barnehage, idrettsanlegg og kort veg til turstiar og badeplass i nærområdet. Frå Haugen er det kort veg til ridesenter og flotte langrenns- og alpintløyper ved Harpefossen skisenter.

Tomter_Halsetfeltet_Stårheim.jpg - Klikk for stort bilete Halsefletet (Stårheim): (DOCX, 3 MB)Halsefeltet ligg i Torvika på Stårheim bak Stårheim Stadion, berre 15 minutt frå Eid sentrum. Her kan du få realisert boligdraumen for berre kr 25.700. Tomtene har gode solforhold med utsikt over fjorden og fjella. Bustadfeltet ligg rett ved skule, barnehage og kort veg til fotballbane, badeplassar og turstiar i nærområdet.

Stårheim luftfoto.jpg (PDF, 196 kB)Stårheim: (DOCX, 2 MB) Stårheim bustadfelt ligg i Stårheim vest i Eid kommune, berre 15 minutt frå Eid sentrum. Her kan du få realisert boligdraumen med ein gunstig tomtepris. Tomtene har gode solforhold med utsikt over fjorden og fjella. Bustadfeltet ligg rett ved skule, barnehage og kort veg til fotballbane, badeplassar og turstiar i nærområdet.

Kjølsdalen luftfoto.jpg - Klikk for stort bilete Kjølsdalen: (DOCX, 2 MB) Kjølsdalen bustadfelt ligg vest i Eid kommune, 20 minutt frå Eid sentrum. Her kan du få realisert boligdraumen med ein gunstig tomtepris. Tomtene har gode solforhold med utsikt over fjorden og fjella og kort veg til turstiar i nærområdet. I Kjølsdalen ligg det ein Montesorri skule for barnetrinnet og Montesorri barnehage, og det er eit flott nærmiljøanlegg i tilknytning til skulen.

Holmøyane.jpg (PDF, 286 kB)Holmøyane: (DOCX, 2 MB) Holmøyane bustadfelt ligg i Holmøyane aust i Eid kommune, midt mellom Eid, Hornindal og Stryn. Tomtene ligg i naturskjønne omgjevnader rett ved Hornindalsvatnet med flotte fiske, bade og turmoglegheiter. Holmøyane er også eit godt utgangspunkt for pendling til Sunnmøre.

Kjøpeavtale (PDF, 250 kB)

Tomtekostnad - tillegg (PDF, 598 kB)

Reguleringsplanar

I tillegg til kommunale tomter er det stor byggjeaktivitet i kommunen og fleire private aktørar som sel tomter og leiligheter. Her finn du ei oversikt over private tomter og utbyggjarar (PDF, 269 kB) i Eid.

 

Energirådgjeving for bustadbygging

1.JPG - Klikk for stort bilete

 

Info.hefte - Bygg for framtida (PDF, 2 MB)

 

 

Publikasjonar ENOVA:

 

Balansert ventilasjon

Vannbåren varme

Luft-vann varmepumpe (PDF, 2 MB)

Væske-vann varmepumpe (PDF, 2 MB)

Avtrekksvarmepumpe (PDF, 2 MB)

Solfanger (PDF, 2 MB)

Varmestyringssystem (PDF, 2 MB)

Varmegjenvinning av gråvann (PDF, 2 MB)

El-produksjon (solceller) (PDF, 2 MB)

www.enova.no

Bygging
Skal du rive, bygge eller utbetre bustad, bygge garasje, terrasse, fritidshus eller liknande? Under temaet Bygging finn du informasjon om korleis du skal gå fram, og kva reglar som gjeld. Du finn også informasjon om utsleppsløyve og graving i ureina grunn.

Bustønad frå husbanken
Bustønad er ei statleg økonomisk stønadsordning  for dei med høge buutgifter og låg inntekt.  Ordninga blir administrert av Husbanken og kommunane.   Krava til bustaden og husstanden må vere oppfylte.  Deretter er det forholdet mellom inntekter og utgifter som avgjer om det blir gjeve bustønad. Les meir her.

Leige- og utleige av kommunal bygg
 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering