Snarveiikoner NettstadkartAbonner på nyhende frå kommunenEndre skriftstorleik
Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Samarbeidskommuner Stryn kommuneHornindal kommuneGloppen kommuneEid kommuneBremanger kommuneVågsøy kommuneSelje kommune

Kommunale vigslar

Vigsel - Klikk for stort bilete Har de bestemt dykk for ekteskap, kan de fylle ut skjemaet for kommunal vigsel. Skjemaet er elektronisk, og de loggar inn ved bruk av ID-porten.

Her må de oppgje namn på brudeparet, e-postadresse, telefonnummer, ynskt lokalisering, dato og tid.

For å inngå ekteskap i Noreg må skatteetaten vurdere om vilkåra i ekteskapslova er oppfylt. Alle skjema som skal fyllast ut finn du på skatteetaten.no 

Når de fyller vilkåra for å inngå ekteskap får de tilsendt prøvingsattest frå Skatteetaten. Denne attesten må sendast kommuna før vigsling. Den er gyldig i 4 månadar.

Eid kommune tilbyr vigsling fredagar i kommunestyresalen på Eid rådhus. De kan kome med ynskje om andre dagar og stadar men det må vurderast av den som skal vigsle. Vigsel utanom rådhuset si opningstid vil kunne medføre kostnadar for dykk.

 

Har de spørsmål angåande vigsling?
Kontakt Eid kommune -  Telefon: 57 88 58 00 eller epost : post@eid.kommune.no

Publisert av Christine Tellevik. Sist endra 06.07.2018

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering