Snarveiikoner NettstadkartAbonner på nyhende frå kommunenEndre skriftstorleik

Branntryggleik

Bjørnis 2.jpg - Klikk for stort bilete

 

Branntryggleik i eigen bustad

Unngå pipebrann - rett fyring

Branntyggleik for utsette grupper

Eldre, personar med psykiske- og fysiske funksjonshemmingar og personar med rusproblem har ofte større risiko for å forårsake og/ eller omkome i brann.

Brannvesenet samarbeider difor med heimetenesta/ helsetenesta i kommunen. Brannvernet kan ha hyppigare tilsyn i heimane og opplæring av tilsette i kva dei skal sjå etter for å førebyggje brann.

Branntryggleik i næringsbygg, burettslag og sameige

Alle som driv verksemd i eit næringsbygg eller liknande skal setje seg inn i kva krav som blir stilt til branntryggleik.

Burettslag og sameige blir rekna som verksemd. Alle verksemder har plikt til å arbeid systematisk med branntryggleik.

Krav som blir stilt til ei brannsikker verksemd

Les meir om kva krav som blir stilt til ei brannsikker verksemd.

Rettleiing til forskrift om brannførebygging

Spesielle krav for særskilde brannobjekt

Eit særskilt brannobjekt er byggverk, område, tunnelar, verksemder m.m. der brann kan føre til tap av mange liv. Dette gjeld også stader der brann kan føre til store skader på helse, miljø¸ eller materielle verdiar.

Særskilte brannobjekt har spesielle krav til organisatoriske tiltak. Eid kommune har faste tilsyn med desse objekta. Kommunen har plikt på seg å ha oversikt over særskilte brannobjekt.

Sjå Brann og eksplosjonsvernlova § 13

Artikkel (1)
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering