Publisert 16.05.2012

Nye tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at folketalet i Eid 1. april 2012 er 5.956. Det er det høgaste innbyggjartalet registrert i Eid kommune nokonsinne - 6 fleire enn ved årsskiftet, og 100 fleire enn for berre to år sidan. Det er både fødselsoverskot og netto innflytting til kommunen i 1. kvartal 2012. 

- Dette er svært hyggelege tal, som gjev ekstra grunn til å feire i morgon! Med dei særs gode bukvalitetane i Eid er det stort potensiale for ytterlegare vekst i åra framover, seier ordførar Alfred Bjørlo (V). Nordfjordeid er nominert som ein av sju finalistar til statens nyoppretta pris for Norges mest attraktive tettstad, og KS utpeika nylig Eid som ei av landets 10 beste kommuner innanfor skulesektoren i 2011. Det er også eit rekordstort tal nye bedriftsetableringar i Eid så langt i 2012, i følgje tal frå Brønnøysundregistra. 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering