Pleie og omsorg - Sjukeheimsplass - langtid

Beskriving

Langtidsopphald etter Lov om helsetenesta i kommunene kan tildelast ved Eid Sjukeheim eller Eid Eldretun.

Vilkår

Personar som har stort behov for døgnkontinuerleg pleie, og av den grunn ikkje lenger klarer å bu i eigen heim, kan søkje om langtidsplass på sjukeheim. Stort behov er der heimetenesta ikkje lenger kan gi den hjelpa som er naudsynt.

Krav til dokumentasjon

Skriftleg søknad.

Behandlingstid

Søknaden vert handsama innen 3 veker.

Kvalitetsmål

God fagleg kvalitet på omsorga til den einskilde.

Aviks hand

Alle vedtak kan påklagast. Klagefristen er 3 veker. Dersom søkjar ikkje får medhald, vert saka oversendt til fylkeslegen for handsaming.

Heimel

Lov om helsetenesta i kommunene, §§ 1-3 og 2-1 Forvaltningslova §§ 11 og §§ 23 Lov om sosiale tenester § 4-3

Søknadsskjema

Søknad skal skrivast på eige søknadsskjema som ein får ved å vende seg til kommunen

Søknad om tenester frå Eid kommune

Vurdering

Vurdering blir gjort av bl.a heimesjukepleien før vedtak om langtidsplass vert gjort i inntaksteamet i Eid kommune.

Kostnader

Kostnader blir rekna ut frå 75 % av trygda og 85% av andre inntekter. Det er kun av løpande inntekt det vert berekne vederlag.

Vedtak om opphaldsbetaling blir gjort etter at det er innhenta opplysning om den einskilde si inntekt.

Handbok/retningsliner for vederlagsberekning

Tildeling

Dersom søkjar ikkje blir tildelt plass, blir det gitt melding om vidare oppfølging.

Informasjon

Avdelingssjukepleiar/ansvarleg sjukepleier er ansvarleg for å halde informasjonsmøter til pasient og pårørende.

Søknad skal sendast

Informasjon om kven du skal sende søknadskjema til finn du på søknadskjema.

Sist endra 31.01.2013