Flyktningetenesta i Eid

Om flyktningtenesta

Flyktningfadder.jpg - Klikk for stort bilete Flyktningetenesta i Eid kommune vart oppretta i 2013 og held no til i nye lokalar på Langeland.  Rune Engeseth er avdelingsleiar for flyktningetenesta og for vaksenopplæringa kor Karl Anders Helset er rektor.  

Flyktningetenesta har ansvar for busetting av flyktningar i kommunen, og for introduksjonsprogrammet. Vårt mål er å gje flyktningane ein god start på sitt nye tilvære. Vi vil skapa økonomisk og sosial tryggleik, samt høve til å kvalifisera seg for arbeid eller utdanning gjennom introduksjonsordninga.

Vi er 3 tilsette i tenesta, avdelingsleiar og to programrådgjevar, Katrine Rydland Nautvik og Kine Solheim er programrådgjevarar.

Dei ulike etatane og faginstansane har same ansvar for flyktningar som for andre innbyggjarar, men flyktningetenesta har ansvar for busetting, for introduksjonsordninga i lag med vaksenopplæringa i kommunen, og for koordinering av dei kommunale tilboda elles.

 

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 07.03.2017

Kven er flyktningane som kjem til Eid og kor mange er dei?

Eid kommune buset flyktningar etter avtale med IMDI (Integrerings og mangfoldsdirektoratet), gjennom vedtak gjort i kommunestyret. Dei som vert busett har fått opphaldsløyve, og skal etablere seg på nytt i Eid  kommune. Dei fleste har fått asyl, dvs. at dei vert rekna som forfylgde i eige land. Andre har fått opphald på humanitært grunnlag, eller fordi dei treng særskild vern. Dei fleste flyktningane som vert busett kjem som asylsøkjarar, og har tidlegare budd på eit mottak for slike. Nokre av flyktningane har fått avklart sin asylstatus før dei kjem til Noreg. Dei kjem hit til landet som kvoteflyktningar. I tillegg buset kommunen nokre som har fått familiesameining. Dei største gruppene i Nordfjordeid er frå Eritrea, Syria og Somalia, men vi har òg flyktningar Afghanistan, Etiopia og Sudan.

Eid kommune har ei målsetjing om å busetje 30 flyktningar kvart år. 3 av desse er einslege mindreårige som vert tatt hand om av barnevernet. Grunna den spesielle flyktningesituasjonen i 2015 vart det busett omkring 15 meir enn det ein hadde vedtatt i førehand. I tillegg kjem det ei ukjend og varierande mengd gjennom familiesameining kvart år.

 

Kva er introduksjonsprogrammet?

Alle flyktningar som vert busett i kommunen av IMDI, skal gjennom eit introduksjonsprogram. Introduksjonsprogrammet skal gje flyktningane grunnleggjande kunnskap og kjennskap til  norsk språk og norsk samfunnsliv, og gjennom til dømes språk- og arbeidspraksis førebu desse for yrkeslivet. Introduksjonsprogrammet går over to år og fylgjer Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven).

Det er eit krav til kommunen og til flyktningen om at ein skal fylgje undervisninga på fulltid, gjennom desse to åra. Undervisninga er lagt til Vaksenopplæringa.

 

Kvar er og kva gjer Vaksenopplæringa?

Vaksenopplæringa for norsk og samfunnsfagsundervisning på Eid gjer undervisning i norsk på ulike nivå. Vaksenopplæringa har 8 årsverk. Lærarane har dagleg kontakt med flyktningane og er viktige kontaktpersonar for både flyktningane og programrådgjevarane i Flyktningetenesta.

Rett og plikt til norskundervisning gjeld alle nye flyktningar mellom 18 og 55 år som har trong for grunnleggande kvalifisering. Om ein er eldre enn 55 år, kan ein også ha rett til norskundervisning. Alle som har rett og plikt til norskundervisning må  følgje undervisninga på vaksenopplæringa kvar dag. Mange har ein dag eller meir med språk- eller arbeidspraksis i veka, på ulike arbeidsplassar i Nordfjordeid. Dette vert avtalt med lærarane og programrådgjevarane. Om du eller din arbeidsstad er interessert i å ha praksiselevar tar du kontakt med flyktningetenesta i kommunen.

Norskundervisning er og eit tilbod til arbeidsinnvandrarar og andre betalande elever. Om du har spørsmål om norskundervisning , ta kontakt med kommunen eller vaksenopplæringa direkte.

 

Ynskjer du å bidra?

Ta gjerne kontakt om du ynskjer meir informasjon om Flyktningtenesta eller om du på frivillig basis ynskjer å bidra i integreringsarbeidet i kommunen. Ein kan bidra på mange ulike måtar. Ein kan for eksempel vere «flyktningfadder», bidra med leksehjelp i heimen, delta på strikkegruppe på Eid frivilligsentral (onsdagar 14-15) og mykje anna.

 

Kontaktinformasjon

Flyktningetenesta Eid kommune                   Vaksenopplæringa Eid kommune

Rådhusvegen 11                                            Rådhusvegen 11

6770 Nordfjordeid                                         6770 Nordfjordeid

           

Rune Engeseth, tlf: 92236743 rune.engeseth@eid.kommune.no

 

Programrådgjevarar:

Katrine Rydland Nautvik, tlf: 48049556  katrine.rydland.nautvik@eid.kommune.no

Vikar for Kine Solheim:

Albertine Eikås Halkjelsvik, tlf: 99090140 albertine.eikas.halkjelsvik@eid.kommune.no

 

Vaksenopplæringa:

Karl Anders Helset, tlf: 45973752  karl.anders.helset@eid.kommune.no

Unn Elin Carlsen, tlf: 91601593  unn.elin.carlsen2@eid.kommune.no

Asbjørn Eikenes, tlf: 93045724  asbjorn.eikenes@eid.kommune.no

Liv Marit Øvstebø, tlf: 91627365  liv.marit.ovstebo@eid.kommune.no

Ann Kristin Endal, tlf: 91522857  ann.kristin.endal2@eid.kommune.no

Vigdis Heimdal Reksnes, tlf: 45973633  vigid.heimdal.reksnes2@eid.kommune.no

May Brith Haaland, tlf: 45973634  may.brith.haaland2@eid.kommune.no