Karrieremesse i Bergen 15. februar 2017

surfebilde.jpg - Klikk for stort bilete Velkomen til Nordfjordkommunane sin stand på karrieremessa i Bergen 15. februar!

Samla har regionen mykje spennande å by på! Vi er ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion på om lag 30.000 menneske. Her finn du ein sterk kultur for innovasjon og gründerånd, og eit svært offensivt og variert næringsliv. Innan kommunal sektor vil vi dei neste 7 åra ha behov for 425 nye stillingar! I tillegg kjem ledige stillingar i statleg og privat sektor i Nordfjord.

I Eid er vi for tida på jakt etter ferievikarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og nye lærarar og barnehagetilsette. Sjå ledige stillingar. Her kan du lese meir om Nordfjordkommunane (PDF, 4 MB).

Karrieremessa er i Grieghallen frå kl. 17.00 - 21.00!

På messa kan du møte ordførarane Alfred Bjørlo (Eid), Leidulf Gloppestad (Gloppen), Sven Flo (Stryn), Stig Olav Lødemel (Hornindal), Kristin Maurstad (Vågsøy) og personalsjef Rita Lilletvedt (Gloppen).

Vi håpar å sjå deg på standen vår i Bergen!

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 15.02.2017