Klart for opparbeiding av Hogaåsen bustadfelt på Nordfjordeid

Hogaåsen_Kontraktsignering5.jpg - Klikk for stort bilete

Eid kommune teikna 21. august 2015 kontrakt med entreprenør K A Aurstad AS frå Ørsta om opparbeiding av det nye kommunale bustadfeltet på Nordfjordeid.

– Hogaåsen er den største bustad-satsinga i Eid sidan Myklebuståsen vart utbygd på 80-tallet. Eid kommune opplever for tida folketalsvekst og auka etterspurnad etter bustadtomter. Samtidig er det nye større næringsetableringar på gang i kommunen som vil gi nye arbeidsplasser og ytterlegare vekst. Eg er difor svært glad for at vi no kjem i gang med utbygginga av eit nytt stort bustadområde på Nordfjordeid, seier ordførar Alfred Bjørlo (V). 

Fyrste byggesteg av Hogaåsen startar opp allereie rundt 1. september i år. Her vil det kome 39 einebustadtomter og 3 område for leilighetsutbygging som står klare ved årsskiftet 2016/17. I tillegg skal de byggjast to leikeplassar og ein ride-/skogsveg som gir tilkomst til Myklebustsætra frå Nordfjordeid sentrum. Samla er Hogaåsen-feltet på over 150 mål og vil totalt utløyse ca 120 einebustadtomter og ni område for leilighetsutbygging. 

Foto: Her er Prosjektleiar (Aurstad) Ove Kjell Nes, Driftsdirektør (Aurstad) Cato Aurstad, ordførar Alfred Bjørlo og Prosjektleiar (Eid kommune) Einar Hessevik i det nye bustadområdet i Hogaåsen, der kontrakta vart teikna.
 

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 25.08.2015

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering