Aukande skogbrannfare

Skogbrann 1 - Klikk for stort bilete Tørke fører med seg betydeleg auka fare for brann i skog og anna utmark.

Difor det eit generelt forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommarhalvåret i skogen, på fjellet, på stranda og ved naturområder som ikkje er innmark.

Publisert av Christine Tellevik. Sist endra 23.07.2018

Vis aktsomheit

Så tørt som det er no skal det svært lite til for å starte ein brann. Kvar enkelt av oss må vise aktsamheit og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Det gjeld alle, heile tida og over alt.

Bålforbodet

Frå 15.april til 15.september er det forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. Dette forbodet omtalast som "bålforbodet".

Det generelle forbodet gjeld kun i eller i nærleiken av skog og anna utmark;  alle områder som ikkje er innmark. Eksempel på innmark er gardsplassar, hustomter, dyrka mark og liknande områder. Men hugs at du har plikt til å vere forsiktig på desse områda. Det er den som utfører aktiviteten som er ansvarleg for brannsikkerheita.

Å gjere opp eld omfattar bruk av eingangsgrillar , bål- og peisinnretningar. Stranda vert ofte reikna som utmark og vil då vere omfatta av det generelle bålforbodet. Dersom ein likevel ynskjer å tenne bål må ein søkje om tillatelse frå kommuna. Slik forholda er no er det så tørt at løyve til å gjere opp eld, som å grille og tenne bål i nærleiken av skog og anna utmark stort sett ikkje vil bli gitt.

Grilling

Brannvesenet i Eid kommune fråråder all bruk av engangsgrill. Gassgrill og elektriske grillar vil i dei fleste tilfelle kunne brukast i eigen hage med normalt vedlikehold, forsvarleg plassering og aktsom bruk. Dette gjeld ikkje dersom hagen er i eller i nærheiten av skog og anna utmark. Der gjeld eit generelt forbud.

 

Ved brann eller ulykke ; ring 110.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering