Brannsjefen advarar!

brann.jpg - Klikk for stort bilete

No er det så tørrt i terrenget i heile kommunen at brannsjefen advarar mot å fyre opp eld. Sjølv eit kaffibål eller eit lite grillbål kan vere nok til å sette fyr på terrenget. Litt vind og ei gnist kan vere nok for antenning.

Før det grøne graset kjem opp er det spesielt farleg med tanke på at elden kan spreie seg fort!

Brannsjefen advarer spesiellt om eingongsgrillar, som kan gløde lenge etter at det ikkje er synleg varme.

Publisert av Elin Paulsen. Sist endra 12.04.2019

Generelt forbod frå 15. april
Frå 15. april trer det generelle forbodet om brenning i eller i nærleiken av utmark, i kraft utan at løyve er gjeve. På grunn av at det er nokre dagar til det generelle forbodet trer inn ser brannsjefen behov for gå ut med denne advaringa no.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering