Bru Lote-Anda vil tredoble trafikken over fjorden

DSC_0129.jpg - Klikk for stort bilete Nordfjordbrua vil skape ein ny kvardag i Nordfjord

Bygging av bru over Lote-Anda vil tredoble trafikken samanlikna med dagens ferjetilbod, frå 1400 køyretøy i døgnet til 4000-4500. Sjølv med framtidig realisering av ei bru i indre vil trafikktala over Lote-Anda bli meir enn dobla med bygging av Nordfjordbrua, og utløyse svært store regionale effektar.

Det syner ei ny Trafikk- og finansieringsanalyse (PDF, 8 MB) for Nordfjordbrua Lote-Anda utarbeidd av Norconsult.

Foto: Styreleiar i Nordfjordbrua, Alfred Bjørlo, Avdelingsleiar i Norconsult og ansvarleg for rapporten, Sindre Blindheim og Dagleg leiar i Nordfjordbrua, Jan Olav Tryggestad.

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 14.05.2018

Analysen syner ei rekkje positive effektar av bru Lote-Anda som forklarer den sterke berekna trafikkveksten. Eid og Gloppen blir for fyrste gong ein tilnærma integrert og felles bu- og arbeidsmarknadsregion. Det aukar vekstpotensialet både for busetjing og næringsutvikling. Det skaper også eit nytt tyngdepunkt i Nordfjord-regionen som er positivt for regionen samla, med to større tettstader (kalla "tvillingstadar" i rapporten) som blir liggande med under 20 minutts reisetid mellom.

"Potensial for samhandling i området Nordfjord endres betydelig, og Nordfjordbrua øker muligheten for svært mange mennesker til en ny hverdag", heiter det i rapporten frå Norconsult.

Rapporten modeller også ein framtidig situasjon kor også ny E39 i indre line mellom Byrkjelo og Grodås blir realisert. Analysen syner at det naturlegvis vil påvirke trafikkgrunnlaget for Nordfjordbrua ein del, men ikkje så mykje som ein kanskje skulle tru. Nordfjordbrua syner seg å kunne bli ei svært attraktiv vegløysing, både for korte og lengre reiser i og gjennom Nordfjord, både med og utan ny E39.

- Vi er særs glade for å ha fått på bordet ein så grundig, fagleg solid rapport som dokumenterer det store potensialet for vekst i Nordfjord-regionen ved bygging av Nordfjordbrua. Rapporten syner også at bruprosjektet står godt på eigne bein som eit ferjeavløysingsprosjekt. No vil Nordfjordbrua AS saman med eigarane og andre samarbeidspartnarar gå vidare med prosjektet, for å avklare tekniske løysingar og meir sikre kostnadsoverslag. - No har vi meir enn nokon gong trua på brua, seier styreleiar i Nordfjordbrua AS, Alfred Bjørlo

Rapporten inneheld ein grundig drøfting og gjennomgang av kunnskapsgrunnlaget innanfor ferjeavløysing og trafikkmodellering generelt, som sannsynleggjer at ei tredobling av trafikken på Lote-Anda er realistisk ved bygging av bru.

Rapporten gir også anslag for finanseringspotensialet i bompengar og ferjeavløysingsmidlar - altså sjølvfinansierings-potensialet i prosjektet. Det blir i rapporten sagt å ligge ein stad i spennet 2,3-3,7 mrd NOK, gitt ulike føresetnader om rentenivå, trafikkmengder og bompengetakst/-periode. Trafikktala er då sett relativt konservativt, og det er ikkje føresett ordinære fylkeskommunale eller statlege midlar til prosjektet.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering