Detaljregulering område BL 3 i reg.planen for Sørøyrane – Kunngjering av vedtak

Fotograf: Asbjørn Tverberg
Plan-logo fotograf Asbjørn Tverberg

Med heimel i § 12-12 i plan- og bygningslova av 27.6.2008 nr.71 har kommunestyret i Eid i møte 28.4.2011 (K-sak nr. 32/11) godkjent privat detaljregulering for område BL3 i reguleringsplan for Sørøyrane.

Publisert av Asbjørn Tverberg. Sist endra 14.06.2011

Godkjent plan og planvedtak er tilgjengeleg på servicekontoret i Eid rådhus til 27. juni 2011. Reguleringsplan og sakspapir er også tilgjengeleg via lenkjer på denne sida.

Partar eller andre med rettsleg klageinteresse har høve til å klage på vedtaket, jf. §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova. Eventuelle klager på vedtaket skal sendast til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, innan 5. juli 2011.

Fristar for krav om innløysing av grunn følgjer av § 15-2 i plan- og bygningslova. Fristar for krav om erstatning følgjer av § 15-3 i plan- og bygningslova. Kommunen har innan 10 år etter denne kunngjeringa høve til å gjennomføre oreigning for å sikre gjennomføringa av planen, jf. § 16-2 i plan- og bygningslova.