Detaljreguleringsplan for Eid vassverk, Norsmona – Nytt offentleg ettersyn

Eid vassverk - nytt offentleg ettersyn - Klikk for stort bilete Eid kommune ved teknisk- og samfunnsutvalet, vedtok i møte 24. november 2016, TSU-102/16, å legge forslag til detaljreguleringsplan for Eid vassverk, Norsmona, ut til offentleg ettersyn.

Dette er andre gong denne planen vert lagt ut til offentleg ettersyn. Det er gjort nærare greie for bakgrunn og endringar i planforslaget i saksutgreiinga, sjå TSU-sak 102/16.

Formålet med detaljreguleringa er å legge til rette for utbygging av offentleg vassverk som skal sikre tilgang på offentleg vatn til store delar av befolkninga i Eid kommune.

Publisert av Cecilie Marie Åshamar. Sist endra 28.11.2016

Ein detaljreguleringsplan består av ei planomtale, føresegner og eit plankart. Plankartet og føresegnene er juridisk bindande for framtidig bruk og vern i det regulerte området. Planomtalen synleggjer avveginga mellom ulike omsyn.

Offentleg ettersyn av planforslaget før endeleg vedtak, skal sikre at offentlege organ, naboar, interesseorganisasjonar og andre får høve til å gjere sine synspunkt gjeldande. For meir informasjon sjå plan- og bygningslova kapittel 12.

Meir informasjon om planforslaget:

Her kan du lese teknisk- og samfunnsutvalet sitt vedtak i TSU-sak 102/16 (PDF, 633 kB).

Forslag til detaljreguleringsplan for Eid vassverk, Norsmona, omfattar følgjande dokument:

Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de ta kontakt med Eid kommune på tlf. 57 88 58 00.

Har du synspunkt på endringsforslaget?

Dersom du har meiningar om planforslaget, omsyn eller arealbruk, har du høve til å gje ei skriftleg uttale til planforslaget.

Frist for å kome med uttale er sett til tysdag 10. januar 2017.

Uttale skal merkast med «16/20020» og sendast per e-post: post@eid.kommune.no eller post til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Vidare handsaming:

Når høyringsfristen er ute, vil rådmannen samanfatte innkomne uttaler og vurdere desse før saka vert endeleg behandla. Dersom det ikkje kjem inn vesentlege merknader vil det vere aktuelt å gjennomføre den endelege behandlinga så snart som råd etter at fristen for uttale er ute. Partar i saka vil få tilsendt melding om vedtak.

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering