Detaljreguleringsplan for ny Skipenes bru – Offentleg ettersyn

Vegvesen.png - Klikk for stort bilete Eid kommune ved teknisk- og samfunnsutvalet, vedtok i møte 27. november 2018, TSU-sak 121/18 å legge Statens vegvesen sitt forslag til detaljreguleringsplan for ny Skipenes bru ut til offentleg ettersyn.

Publisert av Asbjørn Tverberg. Sist endra 13.12.2018

 

Formålet med detaljreguleringa er å legge til rette for utskifting av eksisterande bru og så langt som råd betre trafikktryggleiken, bl.a. ved å legge til rette for gangbane på ny bru.

Ein detaljreguleringsplan består av ei planomtale, føresegner og eit plankart. Plankartet og føresegnene er juridisk bindande for framtidig bruk og vern i det regulerte området. I planomtalen finn du meir informasjon om bakgrunnen for utforming av plankart og føresegner.

Offentleg ettersyn skal sikre at offentlege organ, naboar, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg om planforslaget før endeleg vedtak.

Ynskjer du meir informasjon?

Desse dokumenta er gjort tilgjengeleg for publikum:

  1. TSU-sak 121/18 (Saksutgreiing og vedtak om utlegging til offentleg ettersyn
  2. Forslag til detaljreguleringsplan for ny Skipenes bru (lenke til Statens vegvesen), som omfattar følgjande dokument:
    • Planomtale med føresegner
    • Innspel til planarbeidet og vurdering av desse
    • Plankart
    • Risiko- og sårbarheitsanalyse
    • Rapport frå grunnundersøking

Har du synspunkt på planforslaget?

Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planforslaget. Til dømes om arealbruk, omsyn eller andre relevante opplysningar.

Frist for å kome med uttale er sett til 25. januar 2019.

Uttale skal sendast skriftleg til

Statens vegvesen Region vest
postboks 43
6861 Leikanger

eller per e-post: firmapost-vest@vegvesen.no

 

Vidare handsaming:

Statens vegvesen lagar ei oppsummering av innkomne merknader, og justerer eventuelt planforslaget før det vert sendt til kommunen for politisk handsaming.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering