Detaljreguleringsplan for utviding av Kjølsdalen gravplass – Offentleg ettersyn

Kjølsdalen gravplass.png - Klikk for stort bilete

Eid kommune ved teknisk- og samfunnsutvalet, vedtok i møte 30.04.2019, TSU-sak 041/19, å legge forslag til detaljregulering for utviding av Kjølsdalen gravplass ut til offentleg ettersyn.

Formålet med detaljreguleringa er å legge til rette for bygging av gravplass nedanfor i hovudsak den eldste delen av kyrkjegarden.

Publisert av Asbjørn Tverberg. Sist endra 19.07.2019

Ein detaljreguleringsplan består av ein planomtale, føresegner og eit plankart. Plankartet og føresegnene er juridisk bindande for framtidig bruk og vern i det regulerte området. I planomtalen finn du meir informasjon om bakgrunnen for utforming av plankart og føresegner.

Offentleg ettersyn skal sikre at offentlege organ, naboar, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg om planforslaget før endeleg vedtak.

 

Informasjon om planforslaget:

I saksutgreiinga til TSU-sak 041/19 kan du finne meir informasjon om planforslaget.

Forslag til detaljreguleringsplan for utviding av Kjølsdalen gravplass omfattar følgjande dokument:

Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de ta kontakt med Eid kommune på tlf. 57 88 58 00.

 

Har du synspunkt på planforslaget?

Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planforslaget. Til dømes om arealbruk, omsyn eller andre relevante opplysningar.

Frist for å kome med uttale er sett til tysdag 3. september 2019>.

Uttale skal merkast med "17/2905" og sendast per e-post: post@eid.kommune.no  eller post til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

 

Vidare handsaming:

Når høyringsfristen er ute, vil rådmannen samanfatte innkomne uttaler og vurdere desse før saka vert endeleg behandla. Dersom det ikkje kjem inn vesentlege merknader vil det vere aktuelt å gjennomføre den endelege behandlinga i september 2019. Partar i saka vil få tilsendt melding om vedtak.

 

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering