Drivgods i Nordfjorden

Kystverket.jpg - Klikk for stort bilete Eid kommune er kjend med at det er mykje drivgods langs Nordfjorden. Kystverket har fram til no tatt ansvar for å rydde sjøvegen etter flaumen i Nordfjord. Kystverket har meldt frå om at dei vil halde fram med oppryddinga inntil det ikkje lenger er drivgods til fare for skips- og småbåttrafikk i fjorden.

Publisert av Kristine Dahl. Sist endra 28.07.2017

Kva skjer no?

Eid kommune er i dialog med både Kystverket og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si beredskapsavdeling om saka. Kystverket vil halde fram med å rydde sjøvegen inntil til det ikkje lenger er fare for skips- og småbåttrafikken i fjorden. Kystverket nyttar i dag to småbåtar for å samle opp mindre drivgods i fjorden. Du kan halde deg oppdater på oppryddingsarbeidet på heimesida til Kystverket.

Eid kommune reknar med at det vil ligge att ein god del avfall/drivgods i dei strandnære områda langs Nordfjorden også etter at Kystverket er ferdig med sitt oppryddingsarbeid. Eid kommune vil over helga få tilsendt ein rapport frå Kystverket som viser omfanget av attståande oppryddingsarbeid. Over helga vil vi også gjennomføre ei synfaring.

 

Kontakt

Dersom du ynskjer å melde frå om drivgods/ureining på din strandeigedom, så kan du ta kontakt med Eid kommune. Vi vil registrere alle innkomne meldingar i ei eiga sak.

Post- og besøksadresse: Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
E-post: post@eid.kommune.no.
Tlf. 57 88 58 00

Opningstider ved Eid råddhus

Måndag: 08.00 - 15.30
Tysdag, onsdag, fredag: 08.00 - 15.00
Torsdag: 08.00-17.00

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering