Eid i landstoppen på kultur

Malakoff_2.jpg - Klikk for stort bilete kulturindeks_i_eid_2019.jpg - Klikk for stort bilete Norsk Kulturindeks 2019:
Eid i landstoppen på kultur

Eid kommune ligg på 21. plass av dei 422 kommunane i Noreg på Norsk Kulturindeks 2019 – den mest omfattande målinga i landet av kulturtilbod og kulturaktivitet i norske kommunar. 

- Eid har hatt sterk vekst i folketal og næringsattraktivitet dei siste åra. Eg er sikker på at eit rikt og variert kulturliv er ein viktig årsak til dette, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid.    

Publisert av Christine Tellevik. Sist endra 01.11.2019

Norsk Kulturindeks 2019:
Eid i landstoppen på kultur

Eid kommune ligg på 21. plass av dei 422 kommunane i Noreg på Norsk Kulturindeks 2019 – den mest omfattande målinga i landet av kulturtilbod og kulturaktivitet i norske kommunar. Eid si plassering er opp fire plassar frå 2018, og heile 38 plassar opp frå 217.

- Eid har hatt sterk vekst i folketal og næringsattraktivitet dei siste åra. Eg er sikker på at eit rikt og variert kulturliv er ein viktig årsak til dette, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid. – Det vi har lukkast med i Eid, er eit uvanleg tett samspel mellom profesjonelle og frivillige kulturmiljø, og mellom kulturliv og skule. Kultur har blitt «ein del av kvardagen» for svært mange i Eid. Det er interessant å sjå at det løftar oss heilt i landstoppen i kultur sjølv om vi ikkje har museum eller andre store offentleg finansierte kulturinstitusjonar med mange tilsette i kommunen.

Kategorien i Norsk Kulturindeks Eid scorar aller best på, er frivillighet – følgd av konsertar, kulturarbeidarar, kulturskule og scenekunst. Eid scorar dårlegast i kategoriane museum og kunstnarar.

Gloppen kjem ut på målinga som den aller beste kulturkommunen i Sogn og Fjordane, og den 4. beste i landet. Førde er også inne på «Topp 20», slik at Eid er den tredje beste kommunen i Sogn og Fjordane på Norsk Kulturindeks 2019. Av kommunane i det som blir nye Vestland fylke er Eid nr 5 – etter Gloppen, Bergen, Kvam og Førde.

 

Nordfjordeid, 1. november 2019

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, mobiltlf 480 82 652

 

Norsk Kulturindeks kan lesast på nettet her kulturindeks.no/

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering