Eid kommune deltek på Karrieremesse i Bergen 10. februar

Ledige stillingar januar 2016 forside.jpg - Klikk for stort bilete Eid kommune er til stades på Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen onsdag 10. februar. Du finn oss på ein fellesstand saman med dei andre Nordfjordkommunane. 

Vi er stadig på jakt etter å rekruttere gode fagfolk til våre tenester. I 2016 treng vi ressursar innan både helse, skule, barnehage, teknisk, administrasjon, økonomi, personal og kultur. Hovudvekta av stillingar vil vere innanfor helse og oppvekst, og i framtida treng vi gode leiarar innan administrativt personale og prosessleiarar/prosjektleiarar.

Her finn du ei oversikt over ledige stillingar i Eid kommune per februar 2016.

Her kan du søke på ledige stillingar i Eid kommune!

 

I Eid kan du finne draumetomta med utsikt over fjord og fjell og det er ledige bustadtomter i alle krinsane i Eid kommune.

 

Velkomen innom for ein prat om å bu, leve og arbeide i Nordfjord!

 

Publisert av Elin Paulsen. Sist endra 10.02.2016
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering