Eid kommune flyttar ut i Malakoff-veka

uteordforar.jpg - Klikk for stort bilete

Eid kommune og ordførar Alfred Bjørlo skal også i år ha utekontor i Eidsgata i samband med Malakoff Rockfestival. Dette er sjette året på rad at ordføraren riggar seg til med "uteordførarkontor" i gata.

Ved å flytte "ut på gata" i Malakoff-veka ønskjer vi å gjere kontakt med kommunen lettare for folk. Samtidig er det viktig for Eid kommune å vere synleg og lett tilgjengeleg når 10.000 menneske kjem til Nordfjordeid på Malakoff Rockfestival. Eid er for tida inne i ei rivande utvikling med folketalsvekst og nye etableringar – og vi ynskjer endå fleire velkomne i åra som kjem, seier ordførar Alfred Bjørlo.

 

 

 

Publisert av Elin Paulsen. Sist endra 13.07.2017

Ordførar Alfred Bjørlo og Eid kommune har telt-kontor kvar dag kl 11-15 måndag 17. til fredag 21. juli på den nyopprusta Badstupladsen i Eidsgata. Onsdag 19. juli vil Selje og Eid ha felles uteordførarkontor, med nye Stad kommune som tema. Torsdag 20. juli vil Nordfjord Vekst vere på plass på utekontoret.

Nytt av året er at Eid kommune har laga eit spesielt opplegg retta mot born for å syne fram «Bornas Nordfjordeid», med eige barnekart over Eid og rebusløype. Alle born som besøker uteordførarkontoret og har løyst rebusen, vil få gåve og helsing frå ordføraren. Kart og rebus er tilgjengeleg på utekontoret, rådhuset, Gamlebanken og div. butikkar og kaféar. Kart og rebus - Bornas Nordfjordeid (PDF, 4 MB)

- Eid har slagordet "Eid Inviterer", og Malakoff Rockfestival er det største arrangementet på Eid gjennom året. Vi gler oss til å ta imot gjestene, og til å syne fram mykje av alt det positive og spennande som skjer i Eid og Nordfjord for tida, seier ordførar Alfred Bjørlo.

 

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering