Eid kommune og Nordfjordkommunane blir språkkommunar

Regjeringen.png - Klikk for stort bilete Eid kommune - og alle Nordfjordkommunane; Stryn, Hornindal, Gloppen, Bremanger, Vågsøy og Selje, er plukka ut som 7 av 55 kommunar i landet i Regjeringa si satsing på språkkommunar.

– Kommunane blir viktige forbilde i arbeidet med språk i barnehagar, skular og vidaregåande, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Språkkommunane er ein del av regjeringa si satsing Språkløyper - den nasjonale strategien for språk, lesing og skriving 2016-2019. Målet er å styrkje språkarbeidet i barnehagene, og gjere elevar betre i å lese og skrive.

Utdanningsdirektoratet har lagt vekt på at språkkommunane har ei systematisk og heilskapleg satsing på språk, lesing og skriving i barnehagar, skular og vidaregående skular.

Her kan du lese meir om Regjeringa si satsing på Språkkommunar.

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 20.04.2017

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering