Få breva dine rett på mobilen!

Digital_postkasse_mobil.jpg - Klikk for stort bilete Eid kommune blir meir digital

Eid kommune har ambisjonar om å bli meir tilgjengeleg på nett og levere fleire tenester digitalt. Eit viktig skritt på vegen er å sende fleire brev elektronisk.

I midten av november startar Eid kommune med å sende brev elektronisk til digitale postkasser gjennom KS Svar UT. I første omgang gjeld dette til dømes arbeidsavtaler og svar på byggjesøknader. Målet er å auke effektiviteten i saksbehandlinga, redusere papirforbruk, redusere CO2-utslepp knytt til transport, minska kostnadane - og gje innbyggjarane tilgang til posten på ein rask og trygg måte - same kvar ein er i verda! 

Eid kommune oppmodar alle innbyggjarane til å opprette digitale postkasser!

Informasjonsfilm - Motta digital post frå det offentlege

Publisert av Elin Paulsen. Sist endra 08.11.2017

Har du ei digital postkasse får du ein sikker løysing for å ta i mot brev med sensitiv informasjon. Det offentlege kan ikkje bruke vanleg e-post til å sende slik informasjon. Stadig fleire offentlege verksemder vil sende deg digital post.


Nokre av fordelane ved å oppretta personleg, digital postkasse:

  • Det er tryggare enn all anna postgang
  • Det er gratis å bruka
  • Du tek imot og lagrar viktige brev ein stad, både frå private og offentlege verksemder 
  • Du får viktige brev der du er – tilgang til posten over heile verda
  • Når du får brev, blir du varsla på SMS eller e-post

Du kan opprette digital postkasse gjennom Posten (Digipost) eller gjennom Nets/PostNor (e-Boks). Kommunen leverer elektronisk post til deg uavhengig av kva for elektronisk postkasse du veljer.

For å få digital postkasse må du:

• ha tilgang til datanett heime

• ha ei eiga e-postadresse

• ha BankID frå banken din

• ha tilgang til PC, nettbrett (iPad eller liknande) eller smarttelefon.

 

Slik skaffar du deg digital postkasse:

Finn fram din elektroniske ID (for eksempel BankID)

Velg enten Digipost eller e-Boks og følg instruksjonane for å opprette postkasse, dei er likestilte og begge oppfyller krava som gjeld for sikker sending av digital post. 

Opprett Digipost

Opprett e-Boks

 

Dersom du ønskjer meir informasjon, eller litt hjelp til å koma i gang med din digitale postkasse, vil ressursar i kommunen kunne rettleie deg i dette. Seniornett Eid vil starte opp kurs for dei som ønskjer å opprette ei digital postkasse og ta denne i bruk.

Via lenkjene under finn du også informasjon som kan hjelpe deg i gang.

Informasjon om digital postkasse Her finn du kort informasjon om kva digital postkasse er, korleis du opprettar ei digital postkasse og korleis du brukar den.

Info.film: Slik opprettar du Digipost

Info.film: Slik opprettar du e-Boks

Brukarstøtte Du kan få hjelp og bistand knytt til postkassa, e-ID eller reservasjon ved å ta kontakt med Difis brukarstøtte.

Ved spørsmål eller behov for bistand knytt til oppretting og bruk av postkasseløsninga kan du ta direkte kontakt med leverandøren si brukarstøtt.

 

Dersom ein ikkje har digital postkasse eller har reservert seg mot digital post, vil papirbrevet kome i postkassa eller postboksen som før.

Reservasjon mot digital post

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering