Førehandsrøysting på institusjonar og ambulerande røystemottaking

VAL_logo.png - Klikk for stort bilete

Førehandsrøysting Stad kommune
 
Stad valstyre minner om at det er høve til å røyste på førehand t.o.m. fredag den 6. september.
 
Du kan førehandsrøyste på følgjande stader i røystelokala sine opningstider:
•         Kommunehuset i Selje
•         Eid rådhus
•         Eid bibliotek

Førehandsrøysting på institusjonar
 
Torsdag 29.august:
Selje Eldretun: Kl 09.30-10.30
Seljetunet: Kl 10.30-11.30
 
Fredag 30.august:
Stadlandet Eldretun: Kl 09.30-10.30
Flatraket Eldretun: etter avtale frå Kl 12.00
 
Måndag 2. september:
Nordfjord sjukehus: Kl 08.30-09.30
Nordfjord psykiatrisenter: Kl 10.00-11.00
Fossevegen bufellesskap: Kl 11.30-12.30
Hogatunet bu- og behandlingssenter: Kl 13.00-15.00
 
Bryggja omsorgssenter: Bebuarane kan røyste her på valdagen 9. september Kl 10.00-18.00
 
Ambulerande røystemottaking
Dersom du er sjuk eller av andre grunnar har vanskar med å kome til røystelokalet på valdagen den 9. september, kan du be om ambulerande røystegjeving. Valfunksjonærar vil då kome til bustaden din for å ta imot røysta di. Du må sende e-post til post@eid.kommune.no eller ringje tlf. 5788 5800 innan onsdag den 4. september om dette.
 
 
Stad valstyre
Stein Robert Osdal
  

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 26.08.2019

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering