Forslag til avgrensa revisjon av kommuneplanen sin arealdel 2015-2027 – avgrensing av sentrumsområde for Nordfjordeid – offentleg ettersyn

Avgrensing av sentrumsområde for Nordfjordeid - Klikk for stort bilete Eid formannskap vedtok i møte 28. november 2018, F-sak 140/18, med heimel i plan- og bygningslova § 11-14, å legge forslag til «avgrensa revisjon av kommuneplanen sin arealdel 2015-2027 – avgrensing av sentrumsområde for Nordfjordeid» ut til offentleg ettersyn.

Formålet med avgrensing av sentrumsområde er å legge til rette for handel.

 

Publisert av Cecilie Marie Åshamar. Sist endra 04.12.2018

Kva er ein kommuneplan?

Kommuneplanen sin arealdel er eit juridisk bindande styringsverktøy for kommunen som skal vise samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Avgrensing av sentrumsområde for Nordfjordeid vil ha betyding for lokalisering av handelsverksemd, og vere førande ved framtidig reguleringsplanarbeid.

 

Har du innspel?

Offentleg ettersyn skal sikre at offentlege organ, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg om planforslaget før endeleg vedtak. Når høyringsfristen er ute vil rådmannen vurdere planforslaget på nytt med utgangspunkt i innkomne uttaler.

Vi oppmodar difor alle som har ei meining om dette forslaget, einig eller ueinig, om å kome med ei skriftleg uttale.

Frist for å kome med uttale er sett til torsdag 17. januar 2019.

Vi ber om at uttalen er utforma slik at det kjem tydleg fram kven som står bak uttalen, kva de meiner om forslaget og eventuelt konkrete innspel til endring av forslaget. Uttale skal merkast med «17/3310» og sendast per e-post: post@eid.kommune.no eller post til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

 

Forslag til avgrensing av sentrumsområde for Nordfjordeid

I saksutgreiinga som ligg til grunn for vedtaket om utlegging til offentleg ettersyn er det gjort nærare greie for bakgrunn, formål og verknadar av planforslaget.

I tillegg til det som er grunngjeve i saksutgreiinga vedtok Eid formannskap å utvide sentrumsområdet slik: «a) Mot aust slik at Eid legesenter, Eid off. tannklinikk og Eid Næringspark vert inkludert. b) Mot nord slik at Leirongane vert inkludert.» Grunngjevinga for denne utvidinga er: «Dette for at ein ynskjer at lokalpolitikarane skal få vere med å vedta utvikling av sentrum, at det skal vere nok areal i minst 20-30 år framover til utvikling av handel og for å sikre likebehandling av Lunden Handelspark og Eid Næringspark. Avgrensing av type handel vert ivaretatt av dagens reguleringsplan.»

Vedlagt illustrasjon av sentrumsområde er oppdatert i tråd med vedtaket til Eid formannskap.

Illustrasjonen vert gjort juridisk bindande gjennom ny føresegn som skal innarbeidast i kommuneplanen sin arealdel 2015-2027. Forslag til ny føresegn :

«Når regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter skal tolkast skal definert sentrumsområde for Nordfjordeid, vedlegg 5 i planomtalen, leggast til grunn.»

Planomtalen skal også oppdaterast med kort informasjon om denne avgrensa revisjonen av kommuneplanen sin arealdel 2015-2027.

 

Ynskjer du meir informasjon om forslaget?

I saksutgreiinga kan du finne meir informasjon om sjølve vedtaket. Informasjon om og vurdering av innspel til planarbeidet er å finne i vurderingsgrunnlaget frå Nordplan.

 

Vurderingsgrunnlag for den opphavlege avgrensinga, frå Nordplan:

Handel- og sentrumsutviklingsanalyse frå Asplan Viak:

Eid kommune sin gjeldande arealdel.

Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de ta kontakt med Eid kommune på tlf. 57 88 58 00.

 

Vidare handsaming:

Når høyringsfristen er ute, vil rådmannen samanfatte innkomne uttaler og vurdere desse før forslaget vert lagt fram for endeleg behandling.

Dersom det ikkje kjem inn vesentlege merknader er det venta at planforslaget vert lagt fram for endeleg behandling i januar 2019.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering