FORVALTNINGSPLAN FOR HORNINDALSVASSDRAGET – UTLEGGING TIL OFFENTLEG ETTERSYN

Fotograf: Asbjørn Tverberg
Hornindalsvassdraget fotograf Asbjørn Tverberg
Arbeidsgruppa for forvaltningsplan for Hornindalsvassdraget har gått gjennom innkomne fråsegner til planframlegget som låg ute til offentleg ettersyn i fjor, og gjort nokre justeringar i framlegget. Planframlegget vert no lagt ut til offentleg ettersyn på nytt, i samsvar med 20-5 i plan- og bygningslova.
Publisert av Asbjørn Tverberg. Sist endra 13.03.2007
Planframlegget er lagt ut til offentleg gjennomsyn i resepsjonen i Eid rådhus, i kommunehuset Smia i Hornindal, i resepsjonen i Stryn rådhus, og Statoil-stasjonen på Langeset, i perioden 13.03-13.04.2007 Planframlegget vil også vere tilgjengeleg på kommunane sine heimesider i utleggingsperioden. Lag og organisasjonar som har gjeve fråsegn til framlegget som låg ute til offentleg ettersyn i fjor, vil få tilsendt kart og tekstdel, saman med oppsummering av innkomne fråsegner.

Eventuelle merknader til planframlegget skal sendast til Eid kommune, Plan- og utviklingsavdelinga, Pb 98, 6771 Nordfjordeid innan 13.04.2007
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering