Fristen nærmar seg! Vi treng di hjelp til plassering av dagsturhytte.

Bilde4.png - Klikk for stort bilete  Eid kommune ynskjer innspel til plassering av dagsturhytte i Eid kommune.

Frist for innspel er 9.april 2017

 

Det er ein del krav til plassering, det er derfor viktig at de les gjennom all informasjon før de fyller ut skjema.  Bruk skjema for innspel. (DOCX, 40 kB)

 

Sogn og Fjordane hytta er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane i fylket. Fylkeskommunen administrerer prosjektet og kommunane skal bygge og vere ansvarlege for drifta. Prisen på hytta er omlag kr. 600 000. Finansiering er delt mellom stiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane, spelemidar og mva-refusjon (forskotert av kommunen).

Publisert av Anna Karete Bjørlo. Sist endra 03.04.2017

Mål med prosjektet

Målet med prosjektet er å etablere ei hytte som gjev ly for ver og vind sidan veret i den norske fjellheimen skiftar brått. Den skal vere lett tilgjengeleg for barnefamiliar og stimulerer til fleire opplevingar ute og leselyst. Ei slik hytte skal bidra til å få fleire folk ut i naturen.

Informasjon om hytta

Hytta som er valt ut, har form som ein trekant. Bygget er særprega og har utandørs sitjetrapper og sitjebenkar, som kan tilpassast vindretninga på staden. Inne er det ein lesekrok og god plass til framheving av bøker. Hytta skal innehalde eit nynorsk fjellbibliotek med bøker til bruk på staden. Hytta har ei grunnflate på ca.50 kvm, men får eit inne areal med BRA på ca.15 kvadratmeter med enkel utforming med ei dør og vindauge, ingen oppvarming/isolasjon, har ikkje straumtilgang og heller ikkje sanitæranlegg og sengeplassar for overnatting. Store vindauge og mykje lys skal skape rom kjensle og gje dei besøkande god kontakt med naturen. Ved inngangen er det overbygd plass til å henge av seg ytterkle og setje frå seg sko. Sjå vedlegg for bilde av hytta.

Alle kommunane er med

Alle kommunane i fylket har sagt ja til å bygge dagsturhytte på eit populært turmål i kommunen sin, nokre kommunar vil til og med bygge to. Plasseringa varierer frå høgfjellet til fjorden. Planen er at dei første hyttene skal stå ferdige i 2017, og i løpet av 2018 skal det vere mogleg å besøke «Sogn og Fjordane-hytter» i alle kommunane.

Dagsturhytte2 - Klikk for stort bilete Dagsturhytte3 - Klikk for stort bilete

 

 

Kriterier for val av plassering av dagsturhytta

  • Turmålet skal vere lett tilgjengeleg for alle innbyggarar, men vi vektlegg behovet til barn og unge for å vere meir ute.
  • Startpunktet for turen bør kunne nåast med bil innan 15 minuttar frå kommunesenteret.
  • Av omsyn til helikopter-transport er det sett ei grense på 1200 meter over havet.
  • Omtal klimatiske utfordringar ved turmålet (vind, steinsprang, snøtilhøve, vatn m.m.).
  • Valt turmål sin popularitet/bruksverdi i dag bør leggast stor vekt på
  • Det bør vere utsikt.
  • Plassering kan vere ved sjø/vatn, undervegs til ein topp, under toppen eller på toppen
  • Turmålet vert i denne samanhengen definert vidt men det er dagsturhytte slik at det bør vere meir enn 30 minutt å gå til hytta.
  • Må vere mogleg å nå med tursti.
  • Tilgjenge til turmålet heile året bør omtalast.
  • Tomta som hytta skal etablerast på, må ha fast fjell eller ein natursteinsmur. Kommunen må vere budd på å dekke kostnader til opparbeiding av tomt dersom utbetring før montering.
  • Parkeringskapasiteten ved startpunktet må vere god, ev. potensiale for utbetring. Erfaring frå enkelte andre stader med tilsvarande prosjekt, viser ein auke i besøket/aktiviteten.
  • Tilkomsten til turmålet må omtalast, ev. potensiale for utbetring. (Tursti inklusiv skilting og kvileplassar og andre tilpassingar for å gjere plassen universelt utforma er godkjend som eige søknads-objekt for spelemidlar).
  • Kommunen som eigar av anlegget, er ansvarleg for drift og vedlikehald. Det vil vere opp til den enkelte kommune korleis drifta vert organisert. Kom gjerne med forslag til tilsynsordning.(skuleklasser, turlag osv.)
  • Det skal vere ein grunneigar-avtale mellom grunneigar og kommunen.
  • Kommunane bør så langt råd unngå plassering i landskapsvernområde eller i verdsarvområde. 
  • Kommunane bør sikre at plassering er godt tilpassa kulturlandskapet og unngå plassering i gamle stølsmiljø.
  • Kommunane må ta omsyn til område for villrein, område med sårbare artar for både plantar, skog, dyr og unngå desse områda
  • Sanitæranlegg og avfallshandtering ved startpunktet må omtalast, ev. potensiale for utbetring. (Sanitæranlegg er godkjend som eige søknads-objekt for spelemidlar).
  • God skilting og informasjon (på fleire språk) på startpunktet og fram til turmålet sikrar tryggleiken i anlegget.
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering