Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon

Lotteristiftelsen - Klikk for stort bilete

Lotteri og stiftelsestilsynet oppmodar no lag og organisasjonar omå søkje momskompensasjon. Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,6 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2019.

Dei sender no denne meldinga ut til lag og organisasjonar :

Publisert av Christine Tellevik. Sist endra 04.06.2019

Mange som ikkje søkjer

Erfaring frå tidlegare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.

Minstegrenser
For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 100 000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 7 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Sknadsfrist
Frist for søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2019.

Sentralledd har tidlegare frist
Merk at sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Må vere registrert i Frivilligregisteret
Alle mottakarar av mva. kompensasjon vere registrert i Frivilligregisteret
innan 1. september 2019. Dette gjeld og dei som søkjer via sitt sentralledd.


Hugs at registrering kan ta litt tid.

De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettstaden vår. Her finn de og informasjon om viktige endringar i forskrifta som gjev effekt frå søknadsåret 2019

Dersom de lurer på noko , ta kontakt med oss på e-post : postmottak@lottstift.no eller telefon 578 28 000.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering