Funksjon som IKT-ansvarleg i Eid kommune

anne ruth.jpg - Klikk for stort bilete Frå 01.05.2019 tok Anne Ruth Botn Bjørlo over funksjonen som IKT-ansvarleg i Eid kommune.  Det er økonomisjef Ole Starheim som fram til no har teke i vare denne funksjonen. 

IKT-ansvarleg skal ha eit utøvande overordna ansvar for IKT, digitalisering og tryggingsarbeid i kommunen gjennom tett dialog med og rådgjeving til kommunen si strategiske leiargruppe. Samarbeid med aktuelle aktørar lokalt, regional og nasjonalt er ein viktig del av arbeidet. 

Oppdraget innber også å koordinere og delegere utføring av oppgåver til andre tilsette i kommunen eller eksterne med kompetanse på ulike område. IKT-ansvarleg er også tryggingsansvarleg og har eit operativt ansvar for tryggingsarbeidet i kommunen. Dette inneberer å etablere god internkontroll og gode rutiner for informasjonssikkerheit for å sikre at kommunen handsamar personopplysningar lovleg, sikkert og forsvarleg. I IKT-ansvarleg har tett samarbeid med Nordfjord sitt personvernombod og tryggingsansvarlege elles i Nordfjord.

Du kan lese meir om kva dette oppdraget innber her (DOCX, 22 kB).

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering