Godkjenning av reguleringsplan for slamdeponi Reset

Fotograf: Asbjørn Tverberg
Plan-logo fotograf Asbjørn Tverberg

Med heimel i plan- og bygningslova §12-12 har kommunestyret i Eid godkjent privat reguleringsplan for slamdeponi Reset.

Publisert av Therese Hjelmeset. Sist endra 07.07.2010

Godkjent plan og sakspapir finn du via lenkjene i menyen til høgre. Dokumenta er også lagt ut på servicekontoret i Eid rådhus.

Partar eller andre med rettsleg klageinteresse har høve til å klage på vedtaket, jf. §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova. Eventuelle klager på vedtaket skal sendast til Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, innan 15.08.2010.

Fristar for krav om innløysing av grunn følgjer av § 15-2 i plan- og bygningslova. Fristar for krav om erstatning følgjer av § 15-3 i plan- og bygningslova. Kommunen har innan 10 år etter denne kunngjeringa høve til å gjennomføre oreigning for å sikre gjennomføringa av planen, jf. § 16-2 i plan- og bygningslova.

Tenestestad (1)
     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering