Handelsstatistikken 2018: Eit samla løft for Nordfjord!

Eidsgata_gamlebanken.jpg - Klikk for stort bilete

Eid passerte i 2018 ein milepæl innanfor handel: For fyrste gong omset handelsnæringa i Eid for over 100.000 kroner pr innbyggar. SSB sine nye tal for detaljhandel syner at framveksten av Nordfjordeid som handelssenter har styrka heile Nordfjord. Handelen i alle kommunane i Nordfjord auka i 2018 - samtidig som handelslekkasjen mot Førde og Ålesund er bremsa.

- Veksten i handel er viktig for arbeidsplassar, vekst og utvikling. Det er all grunn til å sjå lyst på framtida for handels- og servicenæringa i heile regionen, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 06.05.2019

- På berre fem år har den samla handelsomsetninga i Eid auka med heile 140 millionar kroner pr år, samtidig som det også har vore positiv utvikling i dei andre kommunane i Nordfjord. Dette betyr enormt mykje for både sysselsetjing, busetjing og attraktivitet for Eid og heile Nordfjord, seier Alfred Bjørlo.

- Eg er trygg på at vi berre har sett starten på ei rivande utvikling av Nordfjordeid som handels- og servicesenter. I 2019 er to nye, store handelsetableringar under bygging på Nordfjordeid: Lunden Handelspark og Eid Næringspark med samla investeringar på opp mot 150 millionar kroner. Samtidig ser vi nye butikketableringar i den tradisjonsrike Eidsgata, og Nordfjordeid vil for fyrste gong bli cruisedestinasjon med om lag 50.000 passasjerar til kai i 2019 og 100.000 passasjerar i 2020. - Handelstala for Aurland syner at ei satsing på cruise også kan legge att svært mykje for lokal detaljhandel. Dette vil for Nordfjordeid  kome på toppen av den utviklinga vi ser elles, seier ordførar Alfred Bjørlo.

- Utviklinga på Nordfjordeid har ikkje kome av seg sjølv - den kjem av eit tett lagspel over mange år mellom Eid kommune og handelsaktørar med langsiktige ambisjonar. Samtidig har Eid kommune vore offensive med å legge til rette nye næringsareal for handel og sikre rask handsaming av byggesøknader.  Vi skal halde fram denne langsiktige satsinga på å vere ei næringvenleg kommune i nye Stad kommune - det er viktig for heile Nordfjord, seier Alfred Bjørlo.

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering