Harpefossen skisenter påska 2019

harpefossen.png - Klikk for stort bilete

Det minkar på snøen i fjellet men på Harpefossen utnyttar dei det dei har igjen av snø på best mulig måte slik at vi kan kose oss. Det er varsla høgtrykk og sol så langt varsla rekk, og dei vil halde opne heisar og nedfartar så lenge det er mulig.

Publisert av Unni Hermansen Torheim. Sist endra 10.04.2019

Det er planlagt følgjande aktivitetar og arrangement på Harpefossen denne påska:

  • Aking i skileikområdet palmelaurdag 13. april på kveldstid. 
  • Telenor-renn i skileikområdet palmesøndag 14. april.
  • Påske kick-off med Disco-hopping i parken onsdag 17. april på kveldstid. Førski/afterski i Varmestova, 18 år aldersgrense.
  • Tvilling paralellslalom skjærtorsdag 18. april.
  • Discotek for barn og ungdom på Varmestova skjærtorsdag 18. april.
  • Lagsrenn alpint langfredag.
  • Quizkveld/pub på Varmestova langfredag.
  • Water-Splash i parken nede på Harpefossen påskeafta. Premie for beste kostyme.
  • Det blir afterski på varmestova skjærtorsdag, langfredag og påskeafta.
    Stadt Kystmat sel nydelige rettar frå matvogna si i påska.

 

Open kafê, skishop/skiutleige kvar dag på Varmestova på Harpefossen.

Nokre av dei planlagde aktivitetane er meir eller mindre avhengige av ver- og snøforhold, så det kan bli forandringar i tidsskjema og planer. Dette blir fortløpande informert om på www.harpefossen.no  og på facebooksida til Harpefossen skisenter.

Velkomen til ski, leik og moro i på Harpefossen Skisenter Påska 2019!