Hjartestartarutdeling i Nordfjord

Hjartestartar_02.png - Klikk for stort bilete

John Olav Lefdal har gjennom selskapet sitt Lefdal Invest gjeve omlag 250 000 kroner til Røde Kors som har gått til innkjøp og utplassering av 22 hjertestartarar i kommunane i Indre Nordfjord. John Olav ønskjer sterkt å bidra til det frivillige arbeidet og auke beredskapen for innbyggjarane i området han driv forretningsvirksomhet.

Røde Kors Hjelpekorps i Eid, Hornindal og Stryn kommuner har jobba gjennom ei oppnevnd hjertestartergruppe som har fått inn pristilbud frå fleire tilbydarar på startarar, vedlikehold og serviceavtale. Det er gjennomført evaluering av tilbod og innkjøp av hjertestartarar inkludert varmeskap. Varmeskapet er svært viktig for at utstyret skal kunne stå utandørs og vere tilgjengelig for lokalsamfunnet til alle døgnets timar heile året! 

Les meir under:

Publisert av Janne Endal Andersson. Sist endra 07.12.2017

I forhold til geografisk plassering er det gjennomført ei grundig vurdering av befolkningsmengde, utrykningstid for ambulanse, eksisterande hjertestartarar og turisme. Sjå vedlagte kart med markeringar på utplassering. Basert på denne analysen har gruppa kontakta ulike grendalag og organisasjonar for å få til avtale om plassering på dei aktuelle lokasjonane for maksimal beredskap i kommunane våre.
Det er skrive avtale der mottakarar forpliktar seg til å ta ansvar for ettersyn, vedlikehold og kompetanse i bruk. Røde Kors skal holde hjertestarterkurset for mottakarane, 2-3 personar tilknytta kvar utplassering vil gjennomgå DHLR opplæring.

Hjelpekorpsa vil registrere hjertestartarane inn i 113 registeret, når ein ser på kartet for Nordfjord er dette eit heilt fantastisk beredskapstiltak som potensielt kan redde mange liv for framtida. Vi veit at det er rask tilgang til hjertestarter som må til for å berge liv når nokon får hjertestans. Røde Kors er svært fornøgde med gåva og prosessen ilag med Lefdal som vil løfte beredskapen i Nordfjord betydelig! På vegne av befolkninga i Eid, Hornindal og Stryn kommune takkar Røde Kors for gåva frå John Olav.


Oversikt over utplassering:

Hjertestarterplasseringer i Nordfjord Norgeskart.JPG - Klikk for stort bilete

 

Eid: Stårheim barnehage, Haus Grendahus, Torheim Grendahus, Heggjabygda Grendahus, Harpefossen skisenter, Holmøyane Grendahus, Lote v/Årskog camping, Valhall, Godsterminalen og Sagastad.
Hornindal: Skisenteret.
Stryn: Lodalen (Sande Camping), Rake byggefelt, Fjelli, Fosnes, Flo, Skisenteret.
Olden: Sunde-bygget i sentrum, 1 stk i Briksdalen v/ Kleivane, Mølla i Olden.
Vikane: 1 stk på Tistam (gamleskulen, er ikkje låst), 1 stk på fellesfjøsen Utvik, Omsorgsenteret i Innvik. 

 

Utdeling av hjertestartarar_02.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Mottakarane på bildet:
Harpefossen skisenter – Nils Magne Nedreberg
Stårheim Bygdelag – Asle Rasmus Seljeseth
Eid Kommune – Tore Nyhammer-Taklo
Heggjabygda Grendalag – Arne Knut Ohrvik
Haus Grendahus – Leif Refvik
Torheim Grendahus – Harald Rosø
Lote v/Årskogvika Camping – Solgunn Årskog
Holmøyvik Grendahus – Jon Martin Holmøy

Frå Røde Kors:
Unni Kiviranta – leiar for hjertestartergruppa
Kenneth Breidablikk – representant frå Røde Kors i Stryn Kommune
Are Håvard Fagerli – Konstituert lokalrådsleiar Eid Røde Kor

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering