Info om EPC-prosjekt for utskifting av veglys-armaturar

Gatelys - Klikk for stort bilete

Eid kommune skal denne veka inngå avtale om utskifting av eldre veglysarmaturar frå HQL-armaturar til LED-armaturar. Utskiftinga blir gjort gjennom eit EPC-prosjekt.

Gjennom EPC-prosjektet skal Eid kommune skifte ut omlag 640 veglysarmaturar (EPC-prosjekt er kort fortalt eit energispareprosjekt). Gjennom EPC-prosjektet vil kommunen få reduserte straumutgifter og reduserte vedlikehaldskostnader på veglys.

Før arbeidet kan starte må kommunen ha eit oppstartmøte med entreprenøren, der mellom anna framdrifta vert tema. Oppstartmøte vert først halde når kontrakta er underteikna.

I desse dagar er det også mange mørke veglyspunkt som det er ønskjeleg å få reparert. Mange av desse lyspunkta er av typen HQL-armaturar. Eid kommune ønkjer ikkje gjere dobbeltarbeid med først reparasjon av gamle lyspunkt for så kort tid etter å bytte armaturen til LED. Det vil derfor enno gå ei tid før det kjem lys i mørklagde lampar.

Eid kommune beklagar at ein må vente på utbetring av mørklagde lyspunkt fleire stadar.

 

Teknisk drift

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering