Informasjonsmøte - Tall Ships' Race 2008

Tall Ships Race
Tall Ships Race
I august 2008 kjem ein Tall Ships Race til Måløy, men om eidarane vil - så kan nokre av båtane også kome hit! Eid kommune har fått Helge Hjelle i Tall Ships - komiteen til å kome og fortelje om planane for arrangementet i 2008. Informasjonsmøtet vert i Rådhussalen onsdag 21. februar kl 17.00.
Publisert av Elin Leikanger. Sist endra 19.02.2007
Informasjonsmøtet er ope for alle interesserte. Ungdom er ei viktig målgruppe - sidan seilasen faktisk har ungdom som hovudmålgruppe.

Eid kommune har fått tilbod om å vere Cruise in Company hamn. Det betyr at båtar kan legge vegen om Nordfjordeid på etappen Måløy/Bergen. Men om vi skal få seglbåtar til Eid, må næringsliv og frivillige lag og organisasjonar på bana. Kanskje nokon vil leige eit av dei verkeleg store seglskipa til eit inntektsbringande arrangement? Still opp på informasjonsmøtet, så får du utfyllande informasjon om Tall Ships Race 2008!

     

Lokale nyhende

Fant ikkje gitt feed i databasen.
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering