Barnevernet kan sette i gang følgjande tiltak: støttekontakt, besøksfamilie, heimetenester ,barnehageplass, økonomisk hjelp, fosterheim, barne- og ungdomsheim.
Fosterheimar
Fosterheimar er vanlege heimar som tek del i oppfostringa av andre sine barn. Fosterforeldra har den daglege omsorga for barnet eller ungdommen ved åsørgje for mat, klede og skulegong.
I tillegg ventar ein at fosterforeldra kan gje barnet og ungdommen den kjærleiken og tryggleik som er grunnlaget for ei harmonisk utvikling.
Fosterforeldra er betalt for dette av den barnevernstjenesta som har omsorga for barnet. Fosterheimar vert godkjend av den lokale barnevernstjenesta, som og fører tilsyn med heimen og barnet som bur der.
Støttekontakt
Støttekontakt er ein person som er med ein som treng følgje på ulike aktivitetar avhengig av behov og interesse. Ein støttekontakt bør vere over 18 år.
Formelle krav vert ikkje stilt, men vedkommande vert vurdert i forhold til kvar einskild sak. Rettleiing og økonomisk godtgjersle vert gitt gjennom kommunen. Kommunen har ansvar for støttekontaktane som arbeider i forhold til barnevern, psykiatri, sosiale vanskar og for psykisk utviklingshemma.
Avlasting.
Foreldre kan få tilbod om avlasting. Tenesta er gratis. Tiltaket vert tilpassa behova til barna og foreldra.
Ansvarleg for denne sida: Barnevernleiar.