Barnehagane i Eid

I Eid kommune har vi 4 kommunale barnehagar, 3 private barnehager og 2 private familiebarnehagar.

Det er samordna opptak til barnehagane. Søknadsfrist for barnehageåret 2018/2019 er 15. mars. Søknadsskjema finn du ved å benytte kommunen sine sjølvbeteningsløysingar.

Til søknadssenter

Tilsette ved opptakskontoret

Bhg_hjerte.jpg - Klikk for stort bilete Endring av barnehageplass
Frist for å søkje om endring av barnehageplass er 1. mars. Dette gjer de også ved å nytte Eid kommune sitt elektroniske skjema.

Barnehagerute i Eid kommune (PDF, 378 kB)

 

Betalingssatsar 2018

Betalingssatsar barnehagar og SFO 2018 (PDF, 143 kB)

Redusert foreldrebetaling

 

Kommunale barnehagar:
1-6 år

Golvsengane barnehage
Gjerdane barnehage

Stårheim Barnehage

1-6 år

Haugen skule og barnehage

Private barnehagar:
1-6 årLæringsverkstedet Eid Barnehage AS
Kjølsdalen Montessoribarnehage

1-3 år

Snøkrystallen småbarnehage

Private familiebarnehagar:
1- 3 år
Nøtteliten familiebarnehage
v/Karoline Haugen
Fossevegen 56, 6770 Nordfjordeid
Tlf: 46692950

Fossebakken familiebarnehage
v/Liv Ingunn Lunde
Fossebakken, 6770 Nordfjordeid
Tlf: 57862888

Alle barnehagane i Eid har både heiltid- og deltidsplassar, samt søskenmoderasjon.

Rett til plass i barnehage i 2017
I behandling av statsbudsjettet for 2017 har Stortinget fatta vedtak om at barn født i november skal få rett til barnehageplass.
Retten skal tre i kraft i 2017. Det betyr at barn født i november 2016 har rett til barnehageplass i løpet av november 2017.

Barnehageloven § 12a. - Rett til plass i barnehage (må ha søkt innan fristen)

Barn som fyller 1 år seinast innan utgangen av august det året det søkjast  barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august, i samsvar med barnehagelova med forskrifter.
Barn som fyller 1 år i september eller oktober det året det søkjast om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå den månaden barnet fyller 1 år, i samsvar med barnehagelova med med forskrifter.
Barn fødd i november 2016 har rett til barnehageplass i løpet av november 2017.(nytt ved opptak haust 2017)
Søknadsfrist er 15.mars 2017

Nærare opplysningar kan du få ved å ta kontakt med den enkelte barnehagen direkte på Eid rådhus på tlf. 57885800. 

Rammeplan
I følgje rammeplanen skal barnehagen sitt innhald byggje på eit heilskapleg læringssyn, der omsorg, leik og læring er sentrale delar. Barnehagen skal gje born grunnleggjande kunnskap på ei rekkje sentrale og aktuelle område: Kommunikasjon, språk og tekst

  • Kropp, rørsle og helse
  • Kunst, kultur og kreativitet
  • Natur, miljø og teknikk
  • Etikk, religion og filosofi
  • Nærmiljø og samfunn
  • Antall, rom og form

Rammeplanen gjer læring til eit meir sentralt omgrep enn tidligare.

Vedtekter barnehagane i Eid (PDF, 42 kB)

Sist endra 30.08.2018
Hovudside (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering