Plan- og utviklingsavdelinga

Her finn du informasjon om bygge- og frådelingssaker.

Tilsette i plan- og utviklingsavdelinga

Søknadspliktige tiltak

 

Merk at også gjeldande plan for eigedomen din kan ha reglar om søknadsplikt for tiltak som normalt ikkje er omfatta av plan- og bygningslova § 20-1, som til dømes reparasjon av bevaringsverdige hus.

Tiltak som ikkje krev søknad
Nye byggereglar gjer at fleire tiltak no kan byggast utan at du må søke. Til dømes kan garasje under 50 m2 og tilbygg til bustad under 15 m2 falle under reglane om søknadsfritak, jf. plan- og bygningslova § 20-5 og byggesaksforskrifta § 4-1.

 

Deling av eigedom
Deling av eigedom er søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 20-1 fyrste ledd bokstav m. S

Ved søknad om deling må det avklarast at den nye eigedomen har naudsynt adkomst til veg og moglegheiter for privat eller offentleg vatn- og avløp, jf. plan- og bygningslova kap. 26 og 27. Vedlagt søknaden om deling må det også leggast ved kart som viser plasseringa av den nye tomta.

 

Spørsmål om:

  • Tilknytting offentleg vatn og avløp: Ketil Nord.
  • Private vatn- og avløpsanlegg: Stanislawa Voldsund. 
  • Tilkomst frå kommunal veg: avdelingsingeniør Dag Petter Leite.
  • Avkjøring/tilkomst frå riksveg: Statens vegvesen
  • Ved andre spørsmål knytt til søknad om deling: Roar Sætre.
  • Når du har fått delingsløyve skal saka sendast til oppmåling. Spørsmål knytt til oppmåling: Odd Harald Heggen.  

 

Søk etter tilsette

 

 

Tilhøve til plan og dispensasjon
Både tiltak som krev søknad, søknad om deling og tiltak som er unnteke frå krav om søknadsplikt skal i utgangspunkt vere i samsvar med gjeldande plan for din eigedom og oppfylle krav som følgjer av plan- og bygningslova, tilhøyrande forskrifter mv.

Dersom delinga eller byggetiltaket ditt ikkje er i tråd med planen som gjeld for din eigedom eller tiltaket er i strid med gjeldande regelverk krev tiltaket ditt dispensasjon, jf. plan- og bygningslova kap. 19.
Søknad om dispensasjon skal vere skriftleg og grunngjevast. Denne søknaden kan ein utforme sjølv.

Spørsmål om:

  • Kva plan som gjeld for din eigedom: Asbjørn Tverberg eller Cecilie Åshamar.
  • Tiltaket ditt er i samsvar med gjeldande regelverk i lov: Roar Sætre.

 

Nabovarsling
Både ved søknad om deling av eigedom og søknad om tiltak skal det sendast ut varsel til naboane.

 

Naboane har ein frist på 14 dagar til å kome med merknader til søknaden, med mindre dei har skriftleg meddelt at dei ikkje har merknadar til tiltaket. Meir informasjon om nabovarsling finn du i plan- og bygningslova § 21-4 og byggesaksforskrifta § 5-2.

Gebyr

Nyttige lenkjer til fagkjelder:

Tenestestad (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering