Helsetenester

Kommunane har ansvar for å syte føre gode og forsvarlege helsetenester til alle som treng det, uavhengig av alder eller diagnose.

Eid kommune har helsetilbod som omfattar både helsefremjande og førebyggjande verksemd, dessutan helsehjelp til alle som bur eller  oppheld seg i kommunen.

Sjukehus
Nordfjord sjukehus, Nordfjord Psykiatrisenter

Tannlege
Tannhelsetenesta er fylkeskommunal.

Heimesjukepleie
Kommunen har heimesjukepleietjeneste, heimla i "Lov om helsetjenesten i kommunene". Kommunane skal syte for naudsynt helseteneste til alle som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen.
I paragraf 1-3, er det lovfesta at kommunen skal ha ei heimesjukepleieteneste.
Heimesjukepleia yter medisinsk hjelp, pleie, personleg hjelp og omsorg.

Hørselskontakt i Eid kommune: Judith Bjørlo, tel: 5788 5852
Synskontakt i Eid kommune: Åse Alsaker, tel: 5788 5800

Sjukeheimar
Sjukeheimstenesta er heimla i Lov om helsetjenesten i kommunene, §1-3.
Sjukeheimstenesta har ei eiga forskrift: Forskrift for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie.

Mål for sjukeheimstenesta:
Eid Eldretun og Eid Sjukeheim skal vere ein plass der det er godt å vere- både for bebuarar,pårørande og personalet. Bebuarane skal opppleve ein god og trygg kvardag.

Tenestetilbod:
-medisinsk attføring med sikte på tilbakeføring til heimen
-avlasting
-langtidsopphald
-skjerma eining for senil demente
-dagopphald
-nattopphald
-terminal pleie

Primært skal korttidsopphald leggjast til Eid Sjukeheim. Dagopphald er også knytt Eid Sjukeheim. I utgangspunktet skal Eid Eldretun kun ha langtidsopphald.

Eid Sjukeheim har 39 plassar og ca 15 pasientar på dagopphald.
Institusjonen har ansvaret for 8 trygdebustader.

Demensteamet (PDF, 196 kB)

Eid Eldretun har 24 langtidsplassar.  Institusjonen har ansvar for 15 trygde- omsorgsbustader.

Fysio- og ergoterapitenesta har privatpraktiserande fysioterapeutar med kommunale driftstilskot og kommunalt tilsette fysio- og ergoterapeutar.

Fysio- og ergoterapitenesta (PDF, 201 kB)

Hjelpemiddelsentralen (PDF, 627 kB)

Kontaktinformasjon Eid Sjukeheim og Eid Eldretun
Kontaktinformasjon Eid Sjukeheim og Eid Eldretun
InstitusjonFunksjonNamnTelefonE-post
Eid SjukeheimAvdelingsleiarSølvi Nesbakk Ryland57862032solvi.ryland@eid.kommune.no
Fagleg koordinatorAstrid Heggen Ludvigsen57862031astrid.ludvigsen@eid.kommune.no
Vaktrom57862030
DagsenterGunn Alice Sødermann57862035
Avdelingsleiar kjøkenSiv Flo Bødal57862033siv.bodal@eid.kommune.no
Demensavdeling57863034
Eid EldretunAvdelingsleiar Anne Iren Naustdal57860805anne.iren.naustdal@eid.kommune.no
Fagleg koordinatorHeidi Munch Starheim57860805heidi.munch.starheim@eid.kommune.no
Avdelingskjøken57860084
Telefon :
5788 5856
Tittel :
Kommunalsjef
Bunnhjørne
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering